MODERNE: Onsdag vart dei første teikningane som viser korleis ViteMeir-senteret på Kaupanger vil bli sjåande ut.
MODERNE: Onsdag vart dei første teikningane som viser korleis ViteMeir-senteret på Kaupanger vil bli sjåande ut. (Foto: Arkitektkontoret 4B)

Slik skal vitensenteret på Kaupanger sjå ut

Onsdag fekk me for første gong sjå teikningar som viser korleis ViteMeir-senteret på Kaupanger skal sjå ut.

Sogndal: Byggeprosjektet skal realiserast av Åsen & Øvrelid i samarbeid med Arkitektkontoret 4B, som vann konkurransen om utforming, Caverion og Sweco. Målet er ferdigstilling i 2021.

Ei investeringsramme på 140 millionar kroner vart vedteken av fylkestinget i vår.

SNART I MÅL: Prosjektleiar Marianne Jevnaker og styreleiar Tor Arne Ness er glade for at ViteMeir-senteret rykkar stadig nærare realisering. Foto: Arkiv

– Det er takka vera pådrivarar frå lokalt næringsliv at me no står her og kan gle oss til å opna eit slikt flott senter for innovasjon, sambruk og nettverksbygging, seier prosjektleiar Marianne Jevnaker i ViteMeir i ei pressemelding.

Fylkeskommunen var onsdag i møte med arkitekt og entreprenør for å diskutera dei siste detaljane i kontrakten.

Vil produsera energi

I tillegg til vitensenter vil nybygget romma transportlinja til vidaregåande i Sogndal.

Utbyggingsprosjektet har store ambisjonar om arealeffektive og gode pedagogiske løysingar i nybygget.

– Det skal me få til med miljøvennleg materialbruk, framtidsretta tekniske løysingar og lågt energibruk med eige produksjon av fornybar energi, skriv prosjektleiar Tage Rickard Sundell i fylkeskommunen i ei pressemelding onsdag.

Fleire arbeidsplassar

ViteMeir skal både inspirera fleire unge til å bli interesse i realfag, og vera eit opplevingssenter for familiar og andre gjester.

I desember vil vitensenteret lysa ut stillinga som formidlingsleiar, og dei reknar med å rekruttera fleire i løpet av våren.

– Det vert ein særs spennande arbeidsplass. Eg og mine nye kollegaer er heldige som får arbeida med eit slikt nytt og unikt tilbod i regionen, eit vitensenter som vil tiltrekkje unge og vaksne både frå lokalsamfunna og turistar, seier Jevnaker.

Til toppen