MILJØ: Elevane ved Årdal Vidaregåande skule sine stemmer under skulevalet i år gjekk i stor grad til partia som snakkar mest miljø.
MILJØ: Elevane ved Årdal Vidaregåande skule sine stemmer under skulevalet i år gjekk i stor grad til partia som snakkar mest miljø. (Bilde: )

Slik stemde desse elevane under skulevalet

Mykje tyder på at årdalsungdommen er opptekne av miljøsaka.

Årdal: For, under skulevalet ved Årdal vidaregåande tysdag vart Miljøpartiet De Grønne den store vinnaren. Partiet fekk heile 10,6 prosent av stemmene, mot 1,1 prosent ved skulevalet før sist stortingsval.

Det skal seiast at partiet har vorte «kjende» i dei fire åra som har gått, og det kan nok hjelpa på at varaordføraren i Årdal er MDG-ar. Uansett tyder mykje på at partiet sin representant under skulevalet tysdag,  Adam Tumidajewicz, gjorde inntrykk.

Les også: Dei gjorde mest ut av seg i skuledebatten

Dei to andre «vinnarane» under skulevalet i Årdal er også to parti som talar miljøet si sak: Venstre fekk 11,2 prosent av røystene mot 4,3 i 2013. SV auka også formidabelt; frå 2,7 prosent i 2013 til 7,4 prosent no i år.

I den andre enden av skalaen finn me Senterpartiet, som gjekk på ein aldri så liten «skulevalsmell» – ned frå 32,6 prosent i 2013 til 22,9 prosent denne gongen. Høgre mista også to tredeler av stemmene sine sidan sist; ned til 2,1 prosent no frå 6,5 prosent i 2013.

Av partia som var representerte i debatten gjorde Rødt det for så vidt også bra i høve 2013; opp frå 1,1 prosent sist til 2,7 prosent no. Ap hadde ein marginal auke, Frp gjekk noko ned. Her er alle resultata:

 
 

Frammøteprosenten var 95,4 prosent i år mot 94,9 prosent i 2013.

Til toppen