Sogndal: Dei andre må utøve nokre retoriske krumspring for å komme til same konklusjon.

Svaret til Vibeke Johnsen (SV) er soleis symptomatisk:
– Anten har du tillit eller ikkje, det går ikkje an å operere med graderingar. Vi stemte mot mistillitsforslaget, ergo har vi tillit, seier ho.
Rådmann Jostein Aanestad seier i ein kommentar på e-post at han set pris på at 21 av 25 representantar i kommunestyret har tillit til han og at dette vert stadfesta i dei intervjua Porten har gjort med politikarane.
Les også: Her stemmer dei over framtida til rådmannen
Boblar under overflata
Han har uansett vore i hardt vêr den siste tida:
- I januar ba Frp ordføraren om å la rådmannen trå til side for å få ro i barnevernet.
- Heilt sidan i fjor har SV bedd om ei eiga gransking av leiing og leiingstruktur i barnevernet, inkludert rådmannen, men fekk ikkje gehør hos resten av kommunestyret i februar.
- Mistillitsforslaget frå Høgre for ein månad sidan var det tydelegaste symptomet på at det boblar under overflata i det politiske miljøet i Sogndal.
Tjueèin representantar stemte altså ned forslaget om å vrake sin eigen rådmann. Men spørsmålet er likevel om all turbulensen har påverka samarbeidsklimaet mellom politikarane og den øvste leiinga i administrasjonen.
Kjetil Kvåle (Ap) er altså den einaste av gruppeleiarane som greier å svare kortfatta:
– Vi har tillit til rådmannen fullt ut, seier han.

– Anten har du tillit, eller ikkje
Han vedgår at det har vore eit krevjande siste halvår, ikkje minst har han som posisjonspolitikar merka eit press frå omgjevnadane om å utvise meir handlekraft i den betente barnevernssaka.
– Det skjønar eg. Men så lenge vi ikkje veit kva som har skjedd og har bedd om ei utgreiing, så er det fornuftig å vente, seier Kvåle.
Margrete Haug (Krf) vil òg vente og sjå kva som kjem ut av den eksterne granskinka av barnevernet som politikarane bestilte i februar og som skal vere ferdig til sommaren.

– Eg har ikkje lyst til å uttala meg så veldig mykje før den granskinga ligg klar. Når vi får den, då kan vi snakkast om tillit eller ikkje tillit, seier ho.
Les også: Sogn barnevern har vore utan verneombod i snart eitt år
Varaordførar Laura Kvamme (Sp) meiner rådmannen har svart tilfredstilllande for seg om eigedomsskatten og at det var heilt på sin plass at han i sist kommunestyremøte orsaka feila som hadde blitt gjort.
– Då har ikkje vi mistillit til rådmannen, då er det slik at vi har tillit, seier Kvamme.
– Kor stor er den tilliten?
– Vi stemte ned mistillitsforslaget. Anten har du tillit, eller ikkje, det går ikkje an å seie at du har litt eller mykje, seier Kvamme.
– Det mest alvorlege eg nokonsinne har gjort
Høgre og Frp er dei som har vore i dei tydelegaste klinsjane med rådmannen.
– Tilliten er litt svak for tida. Det må eg vel kunna seia, sjølv før me har fått alle svara på bordet, seier Rita Navarsete i Frp.
Frp var eitt av partia som stilte spørsmål ved skatterotet, men i motsetning til Høgre var dei nøgde med svara dei fekk. No avventar dei rapporten til kontrollutvalet frå den komande barnevernsgranskinga.

– Forhåpentlegvis får me den før ferien. Då vil me ta stilling til korleis me skal ta dette vidare, seier Navarsete.
Les også: – Eg har aldri vore borti noko liknande
Karin Vikane (H) var den som målbar mistillitsforslaget.
– Det er det mest alvorlege eg nokonsinne har gjort som politikar. Det talar vel for seg, seier ho.
Vikane seier rotet med eigedomsskatten var det som fekk begeret til å renne over. Tilliten var allereie var tunnsliten på grunn av måten kommunen har handsama problema i Sogn barnevern.
– Samstundes er me opptekne av å få gjennomført den eksterne granskinga og få litt meir dokumentasjon på kva som gjekk gale, seier Vikane.