Slik tok elevane farvel med Ljøsne skule

– Det er ein forferdeleg trist dag for meg; at denne skulen skal leggjast ned. Men det må jo vera ein gledas dag for Øyri som får så mange flinke elevar, sa Jakob Vik, lærar og rektor ved Ljøsne skule i til saman 40 år.

Lærdal: Elevane og lærarane kom inn og heldt kvarandre på skuldrene, konfetti regna over scena og dei fremste publikummarane. Så drog salen i gang allsong i form av «Være en venn».

Slik starta siste festen på Ljøsne skule. Så sette Sissel Randi Lysne, som har vore lengst ved skulen av dagens lærarar standarden for resten av kvelden:

– Det har gått 30 år sidan eg kom hit som lærar første gong. Djup tilknyting. Fortid. No me må hjelpa kvarandre og sjå framover. Framtida er det einaste me kan gjera noko med.

Elevane stod i fokus. Sjølvsagt. Elevane i alle klassane bidrog med musikalske innslag. Frå dei minste 1. klassingane til dei største 7. klassingane. Alle pynta for å ta farvel med skulen sin.

Harde tak då skulen vart til

I publikum sat også mange som trakka sine barnsbein ved Ljøsne skule; som lærde første gong å setja saman bokstavar til ord og å få ein sum ut av to tal med eit plussteikn mellom.

Mellom anna Kåre Solheim, som starta på skulen hausten 1955, og var ein del av den første 1. klassen ved Ljøsne skule.

– Me hadde kjempefine sju år her på skulen. Det kan ikkje samanliknast med andre stader eg har gått, sa Solheim.

Han hadde funne ein prolog frå vigslefesten i skulehuset 19. februar 1955, skrive av Hans Urdahl Wendelbo Ovesen. 

På sett og vis er nedlegginga av Ljøsne skule historia som gjentek seg sjølv frå då skulen vart til. Skulehus som ikkje støtta krava førde til at ein byggja ein større skule som samla borna frå alle dei mindre grendene på Ljøsne:

– Skulehusi, dei stetta ikkje tidas krav. Her laut planleggjast, ordskiftast, stridast, les Solheim frå prologen.

– Det var ikkje godt å finna ein samlande stad for Kraoi, Bø, Brekka og Dalen. Men underet skjedde, med knurring iblant, og mange slags visdomsord sagde. Men morosamast var det nok sikkert for den som lydde på dei andre og tagde.

– Ei fredeleg borg midt i grendi

Dagens Ljøsne skule kom i første omgang som eit resultat av at skulane på Skuleshaugen ein kilometer eller så lengre opp i dalen enn dagens Ljøsne skule – og Rikheim skule på andre side av Lærdalselvi og noko lengre ned i dalen – vart lagde ned.

Seinare kom også elevar frå skulen Tønjum til då den vart lagd ned nokre år seinare.

Strid også den gong, til trass; etter lærar Ovesen sin prolog å døma var mange stolte over den nye skulen:  

– Me kan vera samde om at huset har fått stil og slett ikkje skjemmer ut biletet. Og kritikken kan seia nett kva han vil, me kjem til å lika huset betre og betre. No når huset er nyreist så vakker ein hall, ei fredeleg borg midt i grendi. I dag er det vigsla til eit ærefullt kall; her skal borni gå dei fyrste stegi på ferdi.

Eit anna stridstema var kva skulen skulle heita. Fordi skulen vart plassert på motsett side av elvi i høve Rikheim, var det ikkje anna enn rett og rimeleg at "Rikheim" stod først i skulenamnet, meinte dei frå den sida. Difor vart også namnet Rikheim-Ljøsne skule til og byrja med. 

– Klassekameratene mine var overgitt, at eg kunne finna på å søkja post på ein skule som var på to stader så eg måtte reisa mellom, sa Jakob Vik.

Artikkelen held fram under biletet

TILBAKE: Kåre Solheim (t.v.) var eleven til Jakob Vik på 50-talet, i åra etter Ljøsne skule opna. Tysdag var dei begge på siste festen på skulen. 
TILBAKE: Kåre Solheim (t.v.) var eleven til Jakob Vik på 50-talet, i åra etter Ljøsne skule opna. Tysdag var dei begge på siste festen på skulen. 

– Det sit noko i veggene her

Han kjem frå Haugesund og fortalde på avslutningsfesten om korleis han hamna på det som då var Rikheim - Ljøsne skule. Etter å ha takka nei til ein lærarpost i Finnmark, mellom anna fordi det var fire-fem timar på ski kvar veg til næraste butikk, fekk han post på Lærdalsøyri skule ein periode.

Så søkte han altså på ein lærarpost på Rikheim - Ljøsne skule og fekk den. Der vart han verande i førti år til han gjekk av som pensjonist; i ein lang periode var han også rektor ved skulen.

– Det er ein forferdeleg trist dag for meg; at denne skulen skal leggjast ned. Men det må jo vera ein gledas dag for Øyri som får så mange flinke elevar.​

Dette poenget framheva også ordførar Jan Geir Solheim i si tale til elevar, lærarar og foreldre:

ORDFØRAREN: - Plutseleg er me på ein fest eg aldri trudde skulle bli noko av, sa Jan Geir Solheim.
ORDFØRAREN: - Plutseleg er me på ein fest eg aldri trudde skulle bli noko av, sa Jan Geir Solheim.

– De elevar her ved denne skulen er rett og slett svært flinke. Den jobben lærarane har gjort over veldig lang tid ved denne skulen gjer at det sit noko i veggene her som er vanskeleg å forklara. Eg har vore med ti år i kommunestyret i Lærdal, og kvar gong det er noko frå Ljøsne skule i årsrapportane blir eg stolt. Alltid.

Solheim var sjølv mot nedlegginga av Ljøsne skule, og sa han ikkje kunne forklara korleis det skjedde.

– Plutseleg er me på ein fest eg aldri trudde skulle bli noko av.

– Lat ikkje skulen bli ståande som eit mørkt slott

Og sjølv om dette ikkje var kvelden for politikk, fekk ordførar Solheim ei utfordring frå 1. klassing i 1955, Kåre Solheim:

– Eg tenkjer vidare at når me går ut her i kveld er det kanskje nokre av oss som er litt fuktige i augekroken. Det er siste turen ut her. Diverre. Men lat ikkje skulen bli ståande som eit mørkt slott her åleine. Bruk han til noko. Og lat oss andre her kanskje få tilgang til den.

Ordførar Solheim tok på sett og vis utfordringa, men påpeikte at dei frå kommunen si side treng hjelp frå lokalsamfunnet:

– Eg ønskjer ikkje at denne bygningen skal stå mørk og kald. Så skal eg senda ei oppmoding så er det ei tung oppgåve, men der treng me hjelp til på finna aktivitetar eller gode løysingar på huset. Den jobben byrjar no.

– Gjev huset vert krinsande til glede

Men dette var altså først og fremst elevane sin kveld. Til slutt synte dei fram ein flott og rørande film dei hadde laga i samarbeid med nokre av foreldra.

Før det introduserte programleiarane Ingrid Ljøsne og Ida Martine Hille siste musikalske innslag for kvelden med å be publikum lytta til teksten i låta elevane skulle spela, "Sign of the times", av Harry Styles.

Og den starta slik:

«Just stop your crying
It's a sign of the times
Welcome to the final show»

Rektor Eva Hage Solstad gjentok poenget til Jakob Vik då ho sa dei siste orda for kvelden frå scena:

SKRYTTE: Rektor Eva Hage Solstad skrytte av elevar, lærarar, foreldre og lokalsamfunnet elles.
SKRYTTE: Rektor Eva Hage Solstad skrytte av elevar, lærarar, foreldre og lokalsamfunnet elles.

– Lærdalsøyri skule og Borgund skule kan jammen gle seg til å ta i mot dykk. Heilt fantastiske elevar.

Ho skrytte stort av lærarane sine, og framheva vidare at det at grendi har sett skulen sin så høgt har vore ein viktig grunn til det gode skulemiljøet:

– Dei fleste dagane i skuleåret er vanlege skuledagar i klasserommet. Men me krydrar sjølvsagt skulekvardagane med ulike aktivitetar. Då kjem foreldre, besteforeldre, storfamilien elles - og bygda - og hjelper til. Her er det gardsbesøk, strikkehjelp, hjelp til juleverkstad og det som måtte vera.

Orda som vart framførde frå scena denne siste festen på Ljøsne skule var i det heile eit godt vitnemål om at ønskja i prologen forfatta av lærar Ovesen har vorte godt oppfyllte dei 62 åra som har gått sidan vigslefesten i 1955.

– For tida som kjem ligg eit ynskje som er; gjev huset vert krinsande til glede. Til signing og vokster av varande verd for dei som der inne skal streve, sa Kåre Solheim. 

Til toppen