PRØVEKØYR: Ta bilen ut på dårleg veg og høyr etter ulydar. Du bør også ta deg tid til å sjekke at alle knappar og brytarar fungerer slik dei skal. (Foto: Erlend Aas)
PRØVEKØYR: Ta bilen ut på dårleg veg og høyr etter ulydar. Du bør også ta deg tid til å sjekke at alle knappar og brytarar fungerer slik dei skal. (Foto: Erlend Aas)

Slik unngår du bruktbilfellene

Bruktbilar kan vere gode kjøp, men dei kan også vere rullande utgiftsbomber. Her er tipsa som gjer deg betre rusta til å velje rett.

Skrekkhistoriene rundt bruktbilkjøp florerer. Under den blanke lakken kan det skjule seg hemmelegheiter som er langt frå hyggjelege. Løysinga er ofte å ta ein uavhengig kjøpstest av bilen, eller å ha med seg ein bilekspert. Det kan spare deg for både ubehagelege overraskingar og kostbare utlegg.

Artikkelen held fram under biletet. 

LEKKASJAR: Sjå etter lekkasjar rundt slangar og ved pakningar. Dei fleste plastdeksel er berre å løfte av, ofte er dei berre festa med klemmer.
LEKKASJAR: Sjå etter lekkasjar rundt slangar og ved pakningar. Dei fleste plastdeksel er berre å løfte av, ofte er dei berre festa med klemmer.

Sjå under

Kommunikasjonsrådgjevar Jan Ivar Engebretsen i NAF rår kjøparar av brukte bilar til å grundig setje seg inn i kva stand bilen er i.

– Det er mykje feil med bremser og hjuloppheng. Kjem ein seg under bilen, er det lettare å finne desse feila. Sjå etter slark rundt fôringar og opphengskuler, og sjå etter rust på bremseskjevene, rår Engebretsen.

– Gløym heller ikkje å sjå etter rust. Eit rustent eksosanlegg kan fort bli kostbart, seier han.

Artikkelen held fram under biletet. 

BREKKSTONG: Engebretsen leitar etter slakk i hjulopphenget. Han meiner det er svært viktig å nøye undersøkje undersida av bilen ein ser på.
BREKKSTONG: Engebretsen leitar etter slakk i hjulopphenget. Han meiner det er svært viktig å nøye undersøkje undersida av bilen ein ser på.

Verkar alt?

Trykk på knappane, prøv vindaugsheisane og sett på setevarmen. Nokre funksjonar kan det vere vanskeleg å sjå om verkar, for eksempel varmetrådar.

– Har du eit voltmeter kan du kople det til batteriet og sjå om straumtrekket aukar når du skrur på varmetrådane. Gjer dei det, veit du at funksjonen trekkjer straum og at han er i orden, rår Engebretsen.

Han rår også kjøparar til å prøvekøyre bilen, gjerne på ein dårleg veg.

– Høyr etter ulydar frå hjuloppheng, motor og girkasse. Hoppar bilen ut av gir om du slepper gassen brått, og fungerer automatkassa? Fungerer firehjulsdrifta? Kva med bremsene? Kjenn at du har mottrykk i pedalen, at dei blokkeringsfrie bremsene verkar og at bilen ikkje trekkjer skeivt når du bremsar, seier Engebretsen.

Artikkelen held fram under biletet. 

HJULLAGER: Det er ikkje alltid at ein høyrer om eit hjullager er slite. Men om ein legg den eine handa på fjøra og snurrar hjulet kan ein kjenne det. Er lageret slite, vil ein merke ein vibrasjon.
HJULLAGER: Det er ikkje alltid at ein høyrer om eit hjullager er slite. Men om ein legg den eine handa på fjøra og snurrar hjulet kan ein kjenne det. Er lageret slite, vil ein merke ein vibrasjon.

Sjekk heftingar og servicehefte

Før du kjøper bilen bør du også sjekke med Brønnøysundregistra om bilen har heftingar – og du må undersøkje serviceheftet.

– Dersom bilen framleis har garanti er det viktig at serviceintervallane er følgt for at garantien skal gjelde. Pass også på at du har fått med alle nøklane til bilen. Skulle bilen bli stolen, kan det vere vanskeleg å få det dekt av forsikringsselskapa. Derfor bør du opplyse forsikringsselskapet om det dersom ikkje alle nøklane er med, og du bør også få det med i kjøpekontrakten, rår Engebretsen.

Forbrukarrådet

– Seljar har ei opplysingsplikt, også dersom bilen blir selt som han er. Samtidig er det slik at jo lengre bilen har gått og jo eldre han er, jo mindre kan du forvente. Det same gjeld dersom du har visst om ein feil eller dersom seljaren har opplyst om ein feil ved bilen. Då nyttar det ikkje å kome i ettertid, seier Ann Hege Skogly i Forbrukarrådet.

Ho rår bileigarar som finn feil til å gi seljar skriftleg beskjed så raskt som mogleg. Samtidig minner ho om at seljar har anledning til å prøve å utbetre skaden eller feilen før ein kan gå vidare med saka og krevje prisavslag eller heving.

– Dersom ikkje noko anna fører fram kan ein klage til Forbrukarrådet. Hovudregelen er at ein har to års reklamasjonsrett om bilen er kjøpt av private, medan fem år gjeld ved kjøp av næringsdrivande.

Artikkelen held fram under bileta. 

LUKT: Ein god indikator på om det er noko gale med motoren, kan ein få ved å lukte på oljen. Luktar han brent, er det eit dårleg teikn.
LUKT: Ein god indikator på om det er noko gale med motoren, kan ein få ved å lukte på oljen. Luktar han brent, er det eit dårleg teikn.

RUST: – Sjekk undersida av dørene for rust, og pass på at dreneringshola er opne. Ofte kan ein finne begynnande rust her, seier Jan Ivar Engebretsen i NAF.
RUST: – Sjekk undersida av dørene for rust, og pass på at dreneringshola er opne. Ofte kan ein finne begynnande rust her, seier Jan Ivar Engebretsen i NAF.

Ni kjøpevettreglar for bruktbil

1. Skriv alltid kontrakt. Sørg for å få med alle detaljar.

2. Undersøk kilometerstand og årsmodell.

3. Undersøk om bilen har hatt skadar.

4. Undersøk om det er registrert heftingar på bilen.

5. Undersøk eigarforhold – er det eigar av bilen som sel han?

6. Undersøk om serviceheftet til bilen er komplett/utfylt.

7. Undersøk bilen nøye. Ta ein kjøpstest/salstest av bilen før kjøpekontrakt blir inngått.

8. Undersøk om bilen er EU-godkjent.

9. Sørg for at ein eventuell garanti gir deg rettar utover dei alminnelege reklamasjonsreglane.

Kjelde: NAF og Forbrukarrådet (©NPK)

DEKK: – Ikkje gløym å undersøkje tilstanden på dekka. Ta også ein kikk på fjørene, det er ikkje uvanleg at ein kan finne brot her. Er det olje eller fukt på fjørbeinet, kan det tyde på at støytdemparen må bytast, seier Engebretsen.

Til toppen