Sogndal: 16. mai er kanskje årets festnatt i Noreg, der mange reiser ut for å feire slutten på russetida, og ikkje minst nasjonaldagen.
Alkohol er ofte sentralt, og det fører gjerne til litt arbeid for dei som skal halde ro og orden. I Indre Sogn var det i Sogndal det skjedde.
Klokka 01.35 måtte ei berusa jente i slutten av tenåra køyrast heim av politiet.
Ein time seinare melde politiet om slossing på ein utestad. Der vart to menn i 20-åra vist vekk frå sentrum.
Like før 04.00 vart ein mann i 20-åra meld for drikking på offentleg stad. Dessutan tok politiet frå fem mindreårige alkoholen dei hadde med seg i løpet av natta.
Me avsluttar med eit innsendt bilete av russen i Årdal. Som vanleg lagde dei god stemning i dei seine nattetimar då dei tradisjonen tru køyrte rundt i Årdal for å vekke foreldra sine.
