Slik var det i Årdal under krigen

Slik var det i Årdal under krigen

Arne Eldegard fortel om livet i Årdal under andre verdskrig. 

Porten.no har fått lov av Sogelaget til å gjengi nokre tekstar som stod på trykk i dei første utgjevingane deira. Denne teksten er Arne Eldegard si forteljingom tida under krigen. Teksten stod på trykk i Årdal Før og No, nummer 5.

Anleggsarbeidet som hadde sett sine merke i bygda vår heilt frå heilt frå 1908, då Tyinfallene vart starta, var i ferd med å ebba ut då krigen kom. Bygda var avstengd, og mange måtte søka ut av bygda for å få seg arbeid. Arbeidet på vegen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen var så vidt i gang, men vidareføring av anlegget, som alle årdøler hadde sett si von til, var heilt i det blå.

Krigen kom uventa for alle, men for årdølene kanskje meir brått og brutalt enn ønskjeleg, for det gjekk ikkje mange dagar før det var plassert tyske vakter på alle strategiske plassar, særleg innan det tidlegare anleggsområdet. Truleg hadde tyskarane alt frå første stund planar om å nytta kraftressursane og det arbeidet som før var lagt ned her i Årdal til sin fordel i krigføringa.

Dammar og tunnelar var ferdigbygde, og då AS Nordag tok til, var det stort sett bygging av kraftstasjonen inne i fjellet og arbeidet med fabrikkhallar og likerettaranlegg i Øvre Årdal og anodefabrikk, kaianlegg med meir på Årdalstangen som var det viktigaste. 

Folk strøymde til bygda, både frivillige og tvangssende, slik at det på det meste var 7-8000 menneske i bygda. Det var ikkje rart om det av og til vart kaotiske tilstandar. Mange utanom bygda vår har ofte kritisert årdølene for at dei arbeidde for tyskarane, men kva skulle dei gjera? Dei hadde sine heimar og huslydar her, så dei måtte livnæra seg så godt dei kunne. Då var det annleis med både firma og anleggsfolk som strøymde til frå alle kantar av landet utan å vera tvangssende.

Likever det er rart å tenkja attende på korleis folk til dagleg innretta seg etter tilhøva. Mest må ein beundra husmødrene som med små ressursar kvar dag skaffa mat til seg og sine. Mange måtte nok av og til ty til grannebygdene for å få kjøpt litt ekstra, og ein og annan grannebygding tok også turar til Årdal med store matpakningar, og drog attende med velfylte lommebøker.

Sjølv var eg for det meste borte frå bygda det første krigsåret, men budde elles oppe på Moa og hadde arbeidet mitt på eit kontor nede på Farnes, så eg måtte kvar dag passera anleggsområdet med dei kontrollar det til sine tider medførte. 

Særleg var det ved den gamle kraftstasjonen, som me måtte framom, vakthaldet var skarpast, men etter kvart vart me så kjende med herrefolket og deira vakter at me visste kven som var strenge og korleis me kunne lura dei. Dersom me var ute i ulovleg ærend, fann me som var lokalkjende alltid omvegar for å koma fram.

Folk var hjelpsame med kvarandre, både i matvegen og med åtvaringar om det som hende kring i bygda, slik at alle kunne passa seg for eventuelle farer. Ved dei fleste stovene var det eit eller anna uthus, der det var plassert grus og gjerne sauer eller geiter som då var eit tilskot til hushaldet. For køane på butikkane var alltid store når det var ekstra godbitar å få tak i.

Forretningane var elles flinke til å få tak i varer, og storparten av arbeidsstokken fekk sin mat i messer inne på anleggsområdet, men med den store folkemengda som var samla, hende det ofte at det var knapt med både mat og andre daglegvarer.

Kort var det på sukker, kaffi, mjøl, sko og kledevarer med meir, men det var utruleg kor flinke folk etter kvart var for å finna løysingar på problema som melde seg. Gamle klede vart sydde om eller brukt til å bøta med, og både ski og klede vart brukte så lenge dei held i hop, så det var ikkje skam om fillene slang litt hit og dit, eller om det var hol både på buksebak og kne.

På arbeidsplassane, både i Øvre Årdal og på Årdalstangen, var det aktivitet døgnet rundt, men eg trur ikkje resultatet av arbeidet stod i høve til dei arbeidstimane som vart nedlagt – for dei fleste var vel redde for at det skulle lukkast tyskarane å få produksjonen i gang, som kunne vera til nytte i krigføringa.

Sjølv passerte eg anleggsområdet i Øvre Årdal minst to gonger dagleg dei siste fire krigåra, var nok ofte vitne til at arbeidstakarane stakk seg bort både her og der når vaktene ikkje var til stades. Likevel var det nok mange som sleit hardt, ein del kanskje av gamal vane, for dei var inngrodde slitarar dei gamle anleggsfolk.

Ja, både jordhaugar og snøhaugar vart ofte flytte frå plass til plass, fleire gonger, for då såg det ut som dei arbeidde hardt heile tida. Mange var òg flinke til å få timeakkordar, og då var det nok av og til meir enn 24 timar i døgnet for kontrollen var ikkje alltid den beste. Det hende av og til at arbeidstakarane reiste heim i fleire dagar og likevel stod med fullt timetal i arbeidet sitt.

Kulturtiltak var det helst lite av. Kino var det eit par gonger i veka, der Årdalsstova no er i Øvre (seinare Årdalsenteret), og i ei messe på Årdalstangen. Dansekveldar var det òg minst éin gong i veka i ei eller anna messe, og der var det fullt opp med folk, men eg kan ikkje hugsa at eg var innom nokon av desse stadene, for me var nokre gjengar som stal oss til å halde festar i dalane, i Vetti, Avdalen, på Hjelle og på Øygarden, men det var berre for særleg innbedne.

Ja, eg og kona tok også bryllaupsturen vår inne i Jotunheimen sommaren 1942. Ein triveleg tur gjennom fjellheimen i frisk natur, langt bort frå anleggsbyggda med tyskarar og deira lakeirar på alle kantar. Her kunne me ta livet som det fall, og alle du møtte synte berre glede over å vera glade fjellfuglar. 

Ein særleg episode frå denne turen har ofte falle meg i tankane seinare. Me hadde gått over Besseggen, overnatta på trivelege Memurubu, og kom fram til Gjendebu den siste dagen på turen. Det var overfult med folk, middagen var unnagjort, og me sat og koste oss i peisestova då vertinna kom inn og sa: Dersom det ikkje er nokon nazistar her, skal de få rømme og spekemat som ein ekstra kveldsbete.

Eg hugsar eg sa til dei andre ved bordet: Stakkars den tosken som ville seia at han var nazist etter eit slikt tilbod. Det smaka i alle høve godt og stemninga var stor. Elles synte vel dette at fjellfolket vurderte kvarandre, både vertskap og gjestar. Me var elles på Fanaråken eit par år seinare, der stemninga var sameleis, frisk og venleg, og alle leit på kvarandre.

Der lærde eg forresten den såkalla «Amerika-songen», som var ei landeplaga i mange år etter krigen var slutt. Solnedgang og soloppgang med eit par timars sovepause hugsar eg var den største attraksjonen der, ved sida av fjellmaten.

Me var forresten nokre gjengar her i Øvre Årdal som stakk til fjells så ofte me hadde høve til det. Vettismorki og Hjelledalen var faste tilhaldsstader, og særleg i påskehelgene var alle sela vel fullpakka – her var det eit fellesskap utan like – mat og godbitar elles vart likevel fordelte så langt det rakk.

Nyhende om krigen vart også utveksla, for det var ingen som handsama det ein fekk nyss om på ein slik måte at nokon kom i fare. Det var alltid slike ein hadde møtt på fjellturen, som hadde bore med seg meldingane. Desse fjellturane og det samhaldet dei skapte var nok med på å gjera det lettare å leva seg gjennom krigsåra.

Til toppen