Sogndal: Natt til 1. mai er ein av dei store festkveldane og -nettene i året, og ofte bidreg det til ein del arbeid for politiet.
I Sogn og Fjordane har politiet hatt nok av ting å henge fingrane i, men for Indre Sogn sin del kan et sjå ut til at det meste konsentrerte seg rundt Sogndal.
Rundt 22.00 søndag kveld vart det meld om ordensuro på ein utestad i Sogndal, men då politiet kom fram, hadde ting roa seg ned.
- Les også: Leiteaksjon etter 16-åring enda godt
Èin time seinare hadde ein huseigar ringt og fortalt at pulverapparatet i huset hans var tømd – inni leilegheita. Politiet kom til staden og viste vekk to mindreårige. Også dette var i Sogndal.
Omtrent på dette tidspunktet måtte politiet også bistår Statens vegvesen i ein kontroll av ein russebil då det var problem med å få oppgitt personalia på dei som var i bilen. Dette vart ordna på staden.
Vidare ved midnatt kom det melding om knuffing ved ein utestad i Sogndal sentrum. Det var uklart kva som hadde hendt mellom dei to mennene.
Natta vart avslutta med ein leiteaksjon etter ein 16-åring i Sogndal. Heldigvis gjekk det bra, og guten vart funnen måndag morgon i god behald.