ROLEG: Litt knuffing og ein vanskeleg gjest var stort sett det einaste som skapte bry for politiet natt til 1. mai. 
ROLEG: Litt knuffing og ein vanskeleg gjest var stort sett det einaste som skapte bry for politiet natt til 1. mai. 

Slik var natt til 1. mai

Politiet hadde sitt å henge fingrane i løpet av natta.

Indre Sogn: Natt til 1. mai er ein typisk festdag over heile Noreg, og mange, både unge og eldre, tar denne kvelden turen ut.

Det kan ofte resultere i ein del arbeid for politiet, men i natt har det vore tilsynelatande stille i Indre Sogn etter oppdateringane på Twitter å dømme.

I Indre Sogn gjekk det rolegare føre seg, men nokre hendingar var det. 

Ved 02.30-tida måtte dei vise vekk ein vanskeleg gjest ved ein serveringsstad. Mannen i 20-åra vart vist vekk frå sentrum av politiet. 

Vel ein time seinare vart det meldt om knuffing mellom to personar i sentrum av Sogndal. Også her trødde politiet til og køyrte ein av partane heim att.

Til toppen