Foto: Arkiv
Foto: Arkiv (Foto: arkiv)

Slik var natta for politiet

Politiet fekk litt å gjere i Sogndal sentrum natt til søndag.

Sogndal: Klokka 00.25 natt til søndag, meldte politiet på sin twitter-konto at to personar vart anmeldt for ordensforstyrrelse i Sogndal. Den eine vart i tillegg anmeldt for forulemping. Begge personane vart vist bort frå staden.

Ein time seinare kom den eine personen tilbake til sentrum. Det førte til at han måtte tilbringe natta i arresten. Politiet skriv òg at forholdet blir anmeldt.

I halv tre-tida vart ein vakt ved ein utestad i Sogndal, forulempa av to navngjevne personar. Dette vart også anmeldt.

Til toppen