ROLEG: Påskehelga var roleg for politiet i regionen.
ROLEG: Påskehelga var roleg for politiet i regionen. (Foto: Arkiv)

Slik var påskehelga for politiet

Det verkar å ha vore ei roleg helg for Sogn lensmannsdistrikt.

Indre Sogn: Sundag har operasjonssentralen ved Vest politidistrikt kun to loggførte hendingar. 

Vik: Klokka 01:59 natt til sundag vart det meldt om slåssing mellom fleire personar. Ein av dei vart sendt til legevakt for sjekk, og hadde mindre skader. Det har ikkje blitt oppretta sak frå politiet si side, då den fornærma, ein mann fødd i 1980-åra, ikkje vil fortelje kva som hadde skjedd.

Lærdal: Klokka 19:41 laurdag, fekk politiet melding frå ein bilist som hadde funne ein skadd hjort ved Nybø i Ljøsne. Bilisten tok direkte kontakt med viltnemnda, som rykka ut og avliva dyret.

Til toppen