SMÅ OG STORE: Konfransier Steinar Fodnes, som her syng med bandet Crowd, har med seg det som kanskje er framtida i musikkhistoria til Årdal, nemleg Ella. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SMÅ OG STORE: Konfransier Steinar Fodnes, som her syng med bandet Crowd, har med seg det som kanskje er framtida i musikkhistoria til Årdal, nemleg Ella. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Slik vart rockebolet Årdal heidra

Boklanseringa til Jan Egil Fimreite og Hugin Musikkforum fekk ei storslått feiring.

Årdal: Både gamle og nye band stod på scena i eit smekkfullt Årdal kulturhus då boka «Rockebolet» vart lansert torsdag kveld.

Det er ikkje kvar dag eit lokalt musikkmiljø får ei bok skrive om seg, og då var det absolutt på sin plass med ordentleg heidring. 

Ein to og ein halv time lang konsert med Quantum, Crowd, System of Six, STUV, Raaskinn, Blueslaget, Ketil Thorbjørnsen, og til slutt høgdepunktet Lava, var det som stod på programmet. Med Steinar Fodnes som ypperleg konfransier, gjorde det sitt til at timane flaug forbi og at innslag etter innslag hausta stor applaus.

Vart til i fuktig lag

– Eg håpar applausen er den same etter de har lese boka. Eg trur me har fått eit bra produkt, og eg seier me, for sjølv om eg har skrive boka, har det vore eit samarbeidsprosjekt, spesielt frå Hugin som har bidrege mykje, og ikkje minst leiar Terje Svori, som har vore høgt og lågt arkiv, sa forfattar Jan Egil Fimreite.

Artikkelen held fram under biletet.

SAMARBEID: Forfattar Jan Egil Fimreite takka alle bidragsytarar til boka, og spesielt eigar Hugin Musikkforum med Terje Svori i spissen, for eit godt samarbeid.
SAMARBEID: Forfattar Jan Egil Fimreite takka alle bidragsytarar til boka, og spesielt eigar Hugin Musikkforum med Terje Svori i spissen, for eit godt samarbeid.

Forhistoria til bokprosjektet starta hausten 2013 då Svori kom inn på desse tankane på eit nachspiel. Dette utvikla seg til å bli alvor, og litt tid seinare vart Fimreite kontakta. To år seinare kunne dei lansere ei 350 sider lang rockebok om det spesielle musikkmiljøet i Årdal.

– Arbeidet med boka har vore utruleg kjekt. Det har vore mykje arbeid, men veldig gjevande. Eg vil takka alle musikarane som har bidrege og kome med tilbakemeldingar, og også andre bidragsytarar som har levert gode bilete og historier, la Fimreite til.

Litt frynsete

Takka ville også Geir Hansen, tidlegare kasserar i Hugin blant anna, gjera. Han uttrykte enorm stoltheit over musikkhistoria og -kulturen i bygda. Han drog også fram dei som jobba rundt scena før og etter konsertane.

Artikkelen held fram under biletet.

TOK TUREN: Karl Seglem tok med seg bukkehorna og saksofonen sin til Årdal for å delta på lanseringskonserten. Her spelar han saman med Blueslaget.
TOK TUREN: Karl Seglem tok med seg bukkehorna og saksofonen sin til Årdal for å delta på lanseringskonserten. Her spelar han saman med Blueslaget.

– Eit bokprosjekt som dette, som har tappa all eigenkapital til Hugin, har vore litt frynsete å vera med på. Det skal eg innrømma, men me har fått gode bidrag frå næringslivet som ser verdien av kultur og kulturbidrag, og det er me særs nøgde med, sa han.

Til toppen