SKULEHISTORIE: Laurdag kan du få deg ein lærerik dag med skuleminne og fagleg påfyll på Fylkeshuset i Leikanger. Foto: Ukjend. 
SKULEHISTORIE: Laurdag kan du få deg ein lærerik dag med skuleminne og fagleg påfyll på Fylkeshuset i Leikanger. Foto: Ukjend. 

Slik vert den nasjonale arkivdagen markert

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane markerer den nasjonale Arkivdagen med temaet «Då klokka klang».

På programmet står mellom anna eit innlegg frå førsteamanuensis Gunnar Yttri, som skal fortelje om skulehistoria til Sogn og Fjordane, og musikkarkivar Synnøve Sæmundsdotter Bjørset fortel om musikk og song i skulen.

Kanskje har du ein song, ei regle eller ein leik du vil dele?

– Skulehistoria er ei fantastisk kjelde som fortel mykje om endring og utvikling i samfunnet vårt. Skulen er noko vi alle har eit forhold til, men skulen min og skulen som far min hugsar er ganske så forskjellige, seier Sigrun Espe, prosjektleiar for fylkeskommunen og fylkesarkivet sitt prosjekt «Skulen min».

Målet til prosjektet er å samle kjelder og informasjon om skulehistorie og dele det på ein digital portal. 

– Det er flott at det no vert lagt til rette for at alle kan vere med å bidra til å formidle sin del av denne historia, avsluttar Espe.

Arkivdagen vert markert laurdag 11.00 på Fylkeshuset på Leikanger. 

Til toppen