NYTT: Slik ser det nye fylkesordførarkjedet for Vestland ut.
NYTT: Slik ser det nye fylkesordførarkjedet for Vestland ut. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Slik vert det nye fylkesordførarkjedet

Ein sølvsmed i Vik har laga det nye kjedet. Den nye fylkesordføraren vil få det tysdag kveld.

Vestland: Motiva i det nye kjedet er historiske samstundes som dei skal vere lett gjenkjennelige for alle innbyggjarane i det nye fylket. Sølvsmed Knut Mykkeltvedt i Fjordsylv AS i Vik har laga kjedet. Han har samarbeidd tett med biletkunstnar Åse B. Dale frå Aurland, som har teikna skissene, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding. 

Kjedet har 16 motiv som skal representere det historiske, næringslivet, samferdsle, ingeniørkunst og teknologi.

Ein ser blant anna helleristningar, Urnesportalen, steinkross og Bryggen i Bergen som alle representerer historiske stader i fylket. Fire folkevalde har site i komiteen for kjedet saman med representantar frå administrasjonen i kulturavdelingane i fylka. 

Sild, jakt, eple og turbinen er symbol på næringslivet, medan bruene og tunnelane representerer samferdsla. Ein QR-kode skal representere den teknologiske tida me lever i no. 

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) vil få overrakt kjedet i ein seremoni tysdag kveld. 

 

  Foto: Vestland fylkeskommune
Til toppen