Sogndal: Lerum skal byggje ny fabrikk og administrasjonshus til ein kvart milliard på Kaupanger. All syltetøyproduksjonen og hovudadministrasjonen blir dermed flytta frå fabrikken i Sogndal.

I staden vil det kome moderne høgblokker med planar om 140 bustadar nede på den historiske fabrikktomta på kaia.
Administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug, seier det er ein stor dag og noko dei har jobba mot dei siste fire åra.
– Det har vore lang prosess. Men det har vore viktig å bruke så lang tid for å vere trygge på det store prosjektet vi har bestemt oss for i dag, seier ho.
Lokale investorar er med på laget
Veidekke kjøper produksjonsanlegget på kaia i Sogndal i lag med atten lokale investorar, blant dei tre lokale bankar, lokale næringsdrivande, i tillegg til fleire medlemmar av Lerum-familien.
Saman skal dei utvikle bustadprosjektet, som i utgangspunktet vil tilby leiligheiter som appellerer til eit breitt spekter kjøparar, frå nyetablerte til dei meir velståande.
– Første byggetrinnet blir lagt ut for sal våren 2018. Så blir det byggjestart når vi har selt nok til å gå i gong, seier Pål Aglen, regiondirektør i Veidekke Eiendom.
I tillegg til bustader er tanken at arealet på gateplan skal vere retta mot publikum, med til dømes kafè, bakeri eller restaurantdrift. Derimot vil det ikkje kome butikkar, slik tilfellet er på Sjøkanten.
Aglen understrekar at det er først no at arbeidet startar med å planleggje innhald og utforming i detalj. Men ambisjonane er store.
– Vi skal lage eit prosjekt som endrar Sogndal sentrum for ettertida. Det er ei oppgåve vi går til med respekt, men samstundes noko vi gler oss til, seier han.
Slutt på ei hundre år lang historie
Veidekke har samstundes fått oppdraget med å utvide fabrikken til Lerum på Kaupanger. Der skal det byggast rundt 4 500 kvadratmeter nytt areal og 1 500 kvadratmeter av eksisterande bygningsmasse skal byggast om. Flyttinga skal etter planen vere gjennomført innan mars 2018.
Sidan 1920 har produksjonen av syltetøy føregått i Sogndal. No får Lerum samla heile produksjonen på ein plass.
Rundt 35 tilsette, inkludert 15 i administrasjonen, mister arbeidsplassen dei har hatt i fleire tiår, når dei blir med flyttelasset til industrifeltet på Kaupanger.
– Det er med litt blanda kjensler vi gjer dette, men samstundes naudsynt for møte utfordringane i framtida. Det blir ein krevjande prosess, der vi må halde oppe produksjonen samstundes som vi flyttar. For dei som har jobba i Lerum i over tretti år, så er det litt spesielt. Det er òg ein milepåle for familien, seier Trine Lerum Hjellaug.
