FORSIKTIG: Dei folkevalde er forsiktige med investeringane sjølv om dei er ute av Robek-lista. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FORSIKTIG: Dei folkevalde er forsiktige med investeringane sjølv om dei er ute av Robek-lista. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Slik vil dei bruka pengane i åra som kjem

Vil byggje om Tangavegen 14 og investere i kaien på Årdalstangen.

Årdal: Formannskapet i Årdal er etter fleire møte no blitt samde om korleis dei ønskjer å bruke pengane dei neste fire åra. 

Denne veka handsama dei økonomi- og handlingsplanen ein siste gong før planen vart lagt ut på høyring og kjem tilbake til kommunestyret for endeleg handsaming i siste møte før sommaren.

– Arbeidarpartiet har god tillit til arbeidet administrasjonen har lagt ned. Me veit om våre utfordringar politisk, og me veit kommunen har eit potensiale på drifta på 15 millionar kroner samanlikna med andre kommunar i fylket. Me har gode tenester i Årdal, og det viktigaste framover er å sikre stabilitet og økonomisk kontroll, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

Kuttar tre årsverk i spesialomsorg

I driftsbudsjettet var det lagt opp til både nedtak og styrking, og det er innanfor omsorg og skule dei store pengane kan hentast.

For å nemne noko er det lagt opp til ein ny kommunalsjef frå 2018, reduksjon i lærarressursar både på Farnes og Tangen skule, auke i barnehagane med 4,2 årsverk, ein ny kommuneoverlege og reduksjon på tre årsverk i spesialomsorg.

Det siste punktet fekk spesielt med merksemd frå dei folkevalde, som var uroa for at dette vil føre til auke deltidsstillingar, noko kommunalsjef Rigmor Svanberg ikkje såg vekk i frå.

Arbeidarpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne og Senterpartiet la difor fram eit felles forslag om at det skal lagast ein konsekvensanalyse av dette nedtaket til neste møte. 

– Me er bekymra for at dette kan føre til auka deltidsstillingar som vil gi andre utgifter enn påberekna. Me ønskjer å få konsekvensane av dette fram, sa Erling Offerdal (Sp). 

Investerer i kaien

Mest merksemd i møtet fekk investeringsbudsjettet for dei komande åra. Dette har blitt redusert kraftig frå det første møtet, og i 2017 er det lagt opp til i overkant av 14 millionar kroner til investeringar. For heile fireårsperioden er 47,5 millionar.

– Ap er klar på at kaien på Årdalstangen ikkje kan venta til 2018 og vil ha denne inn att i 2017. Det er eit signal om at me vil rusta opp området og heng saman med satsinga på reiselivet, sa Brandsdal.

Investeringa på 1,7 millionar kroner gjeld utskifting av offeranode i det indre hamnebassenget. Det er ei kjend sak at Årdal Sjøfront ønskjer å utvikle området. Dette beløpet vert henta frå utskifting av bilar og utstyr, og forslaget vart samrøystes vedteke.

Ombygging av Tangavegen 14

Dessutan vil ein no satse på å byggje om Tangavegen 14 og rennovere bustadar i Storevegen 2 med éin million kvart år fram til 2020. Desse 4 millionane vert tekne frå kjøp av bustad til flyktningar. Det vart også føreslått å setja av midlar til å utgreie desse prosjekta i revidert budsjett.

– Me veit samhandlingsreformen slår inn for ROP-pasientar (rus og psykiatri) 1. januar 2017. Då må me vere i rute. Dette er ei gruppe som fell mellom alle stolar. Det er denne gruppa me ønskjer å prioritere dei neste fire åra. Dette blir lovpålagt, og kommunen vil få dagbøter om me ikkje greier å ta imot desse pasientane, seier Brandsdal. 

– At me tar dette frå kjøp av bustad til flyktningar grunngir me i at kommunen allereie har kommunale leiligheiter disponible, og det ser ut til at behovet for busetting har stoppa opp.

Til toppen