UNDER BYGGING: I Sogndal byggjer Studensamskipnaden tre nye blokker som skal romme til saman 150 studentar. Studentbustadane vert dei første i fylket til å ta i bruk ei ny renovasjonsløysing som gjer at dei slepp å ta i bruk dei tradisjonelle svarte bosdunkane.

Slik vil dei flytte skjemmande bosdunkar under jorda

Studentsamskipnaden er først i fylket til å teste ut nedgravd avfallsløysing.

Sogndal: Når dei nye studentbustadene i Sogndal står ferdige vil området vere fritt for dei kjente, men kanskje ikkje fullt så kjære bosdunkane.

I staden skal boset gøymast i store kontainarar under bakken. Det einaste som blir synleg for folk er nokre estetisk utforma boksar du kan sleppe avfallet ned i. 

Det er Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SiSOF) som har tatt på seg brorparten av kostnadane, medan SIMAS og Sogndal kommune er med på samarbeidet. I går bestemte politikarane i Sogndal at kommunen skal bidra med 200.000 kroner.

Målet er etter kvart å innføre denne løysinga fleire stader. I Sogndal har mellom anna politikarane lenge irritert seg over dei svarte dunkane som skjemmer gatebiletet i sentrum.

Direktør Hallvard Thommassen i SIMAS trur underjordiske «bosdunkar» kan verte ein suksess.

– Denne løysinga passar godt i område med rundt 20 bueiningar. Det sparar areal og du får ei estetisk fin og rein løysing. Me ønskjer å prøva ut systemet for å sjå om det er noko me skal bruka fleire plassar i regionen, seier han.

Til toppen