FINNE PENGAR: Ved å hente pengar frå disposisjonsfondet, vil Sandra Opheim (MDG) og formannskapet ha drift i friluftsbassenget på Årdalstangen sommaren 2016. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FINNE PENGAR: Ved å hente pengar frå disposisjonsfondet, vil Sandra Opheim (MDG) og formannskapet ha drift i friluftsbassenget på Årdalstangen sommaren 2016. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Slik vil dei gi plass til friluftsbassenget i budsjettet

Det ligg an til at det blir vatn i friluftsbassenget på Årdalstangen neste år også. 

Årdal: Det vart dei folkevalde einige om i eit ekstraordinært formannskapsmøte tysdag. Ved å hente pengar frå disposisjonsfondet vil ein kunne opne bassenget i 2016 også.

– Det viser seg at det er eit viktig tilbod for barn og unge, og Arbeidarpartiet ønskjer å gjere det me kan for at det skal vera ope. Så kan ein drøfte om dette er noko me skal prioritere opp mot lovpålagte tenester. Likevel tenkjer me at dette er noko me vil drøfte med Senterpartiet, seier Marie Helene Hollevik Brandsdal, som fremja forslaget på vegne av Ap og MDG.

Dette til stor glede for Thomas Norheim Moen og Senterparti-gruppa.

– Det synest eg er kjempegodt. Sp har lenge sagt at dette ønskjer me å prioritere og få til. Dette støttar me.

Artikkelen held fram under biletet.

VIKTIG: – Det viser seg at det er eit viktig tilbod for barn og unge, og Arbeidarpartiet ønskjer å gjere det me kan for at det skal vera ope, seier Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).
VIKTIG: – Det viser seg at det er eit viktig tilbod for barn og unge, og Arbeidarpartiet ønskjer å gjere det me kan for at det skal vera ope, seier Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

Heitt tema

Friluftsbassenget på Årdalstangen har vore eit heitt tema heilt sidan det vart starta ein underskriftsaksjon for å få det opna att i mai. Med god drahjelp frå næringslivet kom det inn nok pengar til drift, og budsjettet ville vist raude tal dersom ein berre skulle ha rekna billettinntekter. 

Samstundes er dette eit viktig tilbod for tettstaden, som har opplevd ei negativ utviklingskurve i sentrum med fleire butikkar som har flytta eller lagt ned. I førre formannskapsmøte klarte ikkje Ap og MDG og Sp å bli einige om korleis ein skulle finne midlar til bassenget.

Medan Ap og MDG ville auke utbytte frå Årdal Energi med 400 000 kroner og nytte dette til eit klimafond, som på lang sikt kan gi ei permanent opning av bassenget, ville Sp nytte dei same kronene rett inn i bassenget. 

Artikkelen held fram under biletet.

TOMT: Etter å ha stått tomt i tre år, vart friluftsbassenget på Årdalstangen opna att i sommar med god drahjelp frå næringslivet. Arkiv
TOMT: Etter å ha stått tomt i tre år, vart friluftsbassenget på Årdalstangen opna att i sommar med god drahjelp frå næringslivet. Arkiv

Åtvaringar frå rådmannen

Å øyremerke desse kronene er ikkje mogleg, opplyste rådmannen om i møtet, og difor vart det bestemt at utbyttet likevel ikkje skulle aukast. Difor måtte pengane hentast ein annan stad, og det vart på disposisjonsfondet – trass åtvaringar frå rådmann Olve Fossedal.

– Auken i skatteinntekter og rammetilskot etter ny bekrekning i KS sin prognosemodell gir grunnlag for å auke budsjettpostane med 1 183 000 kroner, som ein kan setja inn på disposjonsfond. Me har eit stramt budsjett som gir ingen buffer til å takle ting som kan kome. Me vil ha ein buffer for uføresette kostnader me veit vil komme, argumenterer han.

Dette ville dei folkevalde altså ikkje lytte til, og Sandra opheim (MDG) innrømmer at det er eit voldsomt press.

– Me har to basseng, og det er ganske så råflott. Me kan vera så ærlege å seia at me kjenner på presset og vil ikkje ta upopulære slutningar. Bassenget på Årdalstangen er kjempeviktig og eit tiltak folk vil ha. 

SKEPTISK: Hilmar Høl (Ap) er skeptisk til pengebruken i 2016, og ville heller ha venta med det til 2017 når kommunen mest truleg er ute av Robek.
SKEPTISK: Hilmar Høl (Ap) er skeptisk til pengebruken i 2016, og ville heller ha venta med det til 2017 når kommunen mest truleg er ute av Robek.

Høl var skeptisk

Hilmar Høl (Ap) minte om at kommunen framleis er på Robek, og at 2016 vil bli eit svært viktig år økonomisk.

– 2016 er ikkje det beste året å tenkje på dette. Eg kjem til å vera einig når eg går ut døra frå møtet, men eg må få sagt det. Dette er siste året i Robek, og eg kunne tenkja meg at me sparte dette til 2017. Då har me tid til å utforske og finne kva me vil prioritere. Så lenge det ikkje går stillingar, er eg nøgd, seier han og såg argumenta til rådmann.

– Eg snakkar av erfaring når eg seier eg veit at me kjem til å bruke opp det som står på disposisjonsfondet. Éin million på eit slikt fond er ingenting. Me oppfører oss som me er ute av Robek. 

Dette er eit av fleire punkt (sjå faktaboks) som vil bli fremja i kommunestyremøtet torsdag denne veka. Dersom fleirtalet seier ja, vil det bli vatn i friluftsbassenget også sommaren 2016.

Til toppen