Aurland: Reglane gjeld ikkje berre jegrar, men alle som ferdast i området.
– Me distribuerer no informasjonsplakatar til turistkontor, hytter og andre aktuelle stader i Nordfjella med informasjon på tysk, norsk og engelsk, seier Harald Øverby i Mattilsynet.
Skrantesjuka (CWD) er ein smittsam hjernesjukdom som kan råka hjortedyr. Avmagring og unormal oppførsel er to av dei vanlegaste symptoma, men hjortedyr kan også ha skrantesjuke utan å vise sjukdomsteikn.
Les også: Tar opp kampen mot skrantesjuken
– Viktig at alle følgjer råda
Skrantesjuke er alltid dødeleg for dyret. I Europa er vanleg skrantesjuke berre funnen hjå villrein i Nordfjella villreinområde. Tidlegare i året blei det bestemt at heile flokken på nesten 2000 villrein skal skytast i håp om å at smitten stoppar der.
I så fall må menneske som går tur eller jaktar i området følgje forholdsreglane som hindrar at sjukdommen kan spre seg via til dømes skoa.
– Det er viktig at alle som ferdast i området – ikkje bare jegere – følgjer råda, seier Øverby til Hjortevilt.no.
Og dei er som følgjer
- Unngå kontakt mellom hundar og kadaver av hjortevilt. Hundar kan ta med seg smitten til nye område.
- Ikkje ta med organisk materiale frå hjortevilt (t.d. gevir eller avføring) ut av området.
- Vaske skoa dine godt når du forlatar området. Smitten kan sitte i jord, planter og lav.
- Melde frå om du ser sjuke hjortedyr eller ferske kadaver av hjortedyr. Få med så nøyaktig informasjon som mogleg om stad, gjerne med koordinater eller GPS-posisjon.