UT MED EIT SMELL: Arnis Timinskas, Christian Søiland, Evita Aslaksrud og Ingvil Eggum Talleraas tykkjer russetida har vore kjekk. Her er dei klare for ei siste feiring.
UT MED EIT SMELL: Arnis Timinskas, Christian Søiland, Evita Aslaksrud og Ingvil Eggum Talleraas tykkjer russetida har vore kjekk. Her er dei klare for ei siste feiring. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Slik vil dei hugsa russetida: – Purken kom og henta meg

Svartrussen i Sogndal delte minner frå feiringa dei siste vekene, kvelden før det heile tok slutt.

Sogndal: Onsdag kveld var russ over heile landet samla for ei siste feiring før det heile er over. Me møtte ei handfull svartruss på festplassen på Kvåle stadion i Sogndal i 22-tida. Då var det enno stille før stormen.

– Du kan kanskje ikkje skrive jævlig i avisa, men det har vore jævlig bra, seier Ingvil Eggum Talleraas når ho skal oppsummera den siste knappe månaden.

Les òg: Russen fekk gode råd frå politiet før det brakar laus

Les òg: Sjekk kva russen i Sogndal og Årdal må gjera for knutane sine

Åtvarar komande russegenerasjonar

Den vesle gruppa hadde samla seg i det einaste partyteltet på plassen som enno ikkje har blåst vekk, med pizza på bordet og drikke i glasa, men utan musikk på anlegget.

Ein sånn passe samstemt allsang av Hjerteknuser, ein av dei store Kaizers Orchestra-hitane, sørga likevel for at lydnivået var bra nok.

Evita Aslaksrud fortel utførleg og uoppfordra om korleis sjukdom har lagt ein dempar på feiringa. No håpar ho russen som kjem etter ikkje gjentek dei same feila, som at ho heldt fram alkoholkonsumet medan ho gjekk på antibiotika.

– Viss du blir sjuk, så hjelper det ikkje å ta det roleg èin dag, er formaninga.

Før ho hektar på ei setning som delvis øydeleggjer bodskapen:

– Det er verd å vera sjuk. Det må du skriva, seier Aslaksrud.

Hamna på glattcella

Dei vedgår at det har vorte ein del drikking dei siste vekene. Difor er det heller ikkje så lett å mimra over kva som har vore dei største høgdepunkta i feiringa. For Christian Søiland var det likevel ei bestemt hending som skilte seg ut.

– Eg hamna på glattcella, Ein gong, seier han, og løftar opp peikefingeren for å understreka at det trass alt ikkje var verre.

Historia om kva som skjedde er kort. Han drakk så mykje sprit at det svartna.

– Purken kom og henta meg. Det er eigentleg det einaste minnet eg har frå russetida, seier Søiland.

Skildest som vener

Trass den overraskande vendinga kvelden tok, var det var ein god tone mellom han og politiet heile vegen, minnest Søiland. Då det var tid for avskjed, tok han farvel med ei knoke-helsing med kvar av dei.

– No er me kompisar, seier Søiland. 

Kvelden 16. mai har så vidt har starta, men planen for neste dag har han allereie klar.

– Det blir å vakna opp bakfull, og så drikka meir, seier han.

Til toppen