STORE FORSKJELLAR: Klinikkleiar ved Årdal tannklinikk, Mona Nilsen, fortel at det er store forskjellar på tannhelsa til ungdommar i Årdal og resten av fylket. Også mellom Øvre Årdal og Årdalstangen er det eit tydeleg skille. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STORE FORSKJELLAR: Klinikkleiar ved Årdal tannklinikk, Mona Nilsen, fortel at det er store forskjellar på tannhelsa til ungdommar i Årdal og resten av fylket. Også mellom Øvre Årdal og Årdalstangen er det eit tydeleg skille. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Slik vil dei leggja til rette for betre kosthald og tannhelse for elevane

FAU ved Farnes skule vurderer eit prøveprosjekt for å hindre at elevane ved ungdomsskulen reiser på butikken i matfriminutta.

Årdal: Leiar i FAU, Vigdis Lio, seier dei har denne saka på dagsorden no. I dag får ungdomsskuleelevane i Øvre Årdal forlate skuleområdet i friminutta. Mange reiser då oppover på torget eller bort til kantina på vidareåande skule for å handle.

– Dei fleste veit vel at det då blir kjøpt mykje mat og drikke med høgt sukkerinnhald. Det er ikkje bra for verken tannhelse, prestasjonsevne på skulen eller helsa elles. I tillegg kostar det mykje pengar å kjøpe seg niste på butikken kvar dag, seier Lio. 

Tala er tydelege. I Øvre Årdal er tannhelsa blant elevane dårlegare enn på Årdalstangen. Tannhelsa til unge i Årdal fram til dei er 18 år er generelt mykje dårlegare samanlikna med resten av fylket. Av folkehelseoversikta til Årdal kommune går det fram at Årdal har ein folkehelseprofil der overvekt er klart over både fylkes- og landsgjennomsnittet. 

NYE RUTINAR: Leiar i FAU ved Farnes skule, Vigdis Lio, seier dei vurderer fleire tiltak for å betre ungdommane si generelle helse.
NYE RUTINAR: Leiar i FAU ved Farnes skule, Vigdis Lio, seier dei vurderer fleire tiltak for å betre ungdommane si generelle helse.

Nye rutinar

Difor vurderer FAU no fleire tiltak som vil føre til at elevane har med seg niste på skulen og et denne. 

– Me jobbar opp mot skulen med å få inn ein del rutinar ved Farnes skule for å leggje til rette for at elevane skal få betre kosthald og helse. FAU har mellom anna krevd at skulen må la ungane ved ungdomssteget få ete nista si i klasserommet saman med læraren sin, slik dei gjer på Tangen skule. 

Når matrfri startar, er det mange som nyttar sjansen til anten å ta seg ein tur på butikken eller i kantina på vidaregåande skule. 

– Problemet der er at det blir kø fordi matfri er om lag på same tidspunkt. Dette er uheldig, og me er i dialog med skulen for å sjå på løysingar. Det har blitt prøvd nokre tiltak hjå elevane sjølv for å stimulere til å ete nista i storstova på ungdomssteget, og ein del brukar denne i matfri no. Skulen fortalte sjølv i Samarbeidsutvalet at mange elevar no har med seg niste, og dette er me veldig glade for. Uansett så er dette eit viktig tema, og me som foreldre må bli meir bevisst på kva ungane et og drikk i løpet av ein skuledag, i tillegg til pengebruken, seier Lio.

Ho legg til at skulen no kjem til å innføre skulemjølk på ungdomssteget frå hausten av etter fleire år utan.

Mykje dårlegare enn fylket

Det er viktig å understreke at det ikkje finst forsking som seier at elevane sine butikkturar i friminutta har skulda for at til dømes tannhelsa i Øvre er dårlegare enn på Tangen. I 2015 var tala ganske like, men historia fortel at dei er ulike, seier klinikkleiar ved tannhelsetenesta i Årdal, Mona Nilsen.

– Årdal ligg mykje dårlegare an enn resten av fylket. Det er ganske drastisk. Me trur det har med at dei i Øvre reiser oppover i friminutta. Det gjer dei ikkje på Tangen. Dette har me snakka mykje om før og vil helst ha slutt på for å sjå om det hjelper, seier Nilsen.

Ho viser til at tala er ganske like for ungane fram til dei er 12 år.

– 5-åringane har supre tal begge stader, tett under 90% er kariesfrie. 12-åringane er godt under gjennomsnittet for fylket, som vanlegvis ligg på omlag 60% kariesfrie. Her i Årdal er talet 45% i 2015. Frå 12 til 15 år skjer det svært mykje, omlag 10% kariesfrie både i Øvre og på Tangen, og det same gjeld 18-åringane, forklarar klinikkleiaren.

Nilsen trur også kulturforskjellar spelar inn og samanliknar tala med Høyanger, som også er eit industrisamfunn, der mange har låg utdanning og iallfall tidlegare ikkje var like opplyste på tannhelse. 

Stiller seg bak tannklinikken

– FAU støttar tannklinikken si bekymring og vil vera med på å bidra til å snu trenden med dårleg tannhelse for øvringane. Me jobbar også med å undersøke om lag eller organisasjonar vil kome på skulen innimellom og stelle i stand lunsj sidan kantina ikkje er i drift lenger. 

– På Tangen får ikkje elevane ut av skulegarden i matfri, og FAU ved Farnes vurderer det slik at dette kanskje er vegen å gå her oppe og eventuelt satse på eit prøveprosjekt som gjer at elevane får faste dagar dei kan gå på torget i staden for kvar dag.

Til toppen