INNSPEL: Lege Bjarte Hove har kome med innspel til korleis ein får løyst legekabalen på helsehuset i Årdal. – Ikkje ideell, men brukbar og gjennomførbar, er konklusjonen. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 
INNSPEL: Lege Bjarte Hove har kome med innspel til korleis ein får løyst legekabalen på helsehuset i Årdal. – Ikkje ideell, men brukbar og gjennomførbar, er konklusjonen. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 

Slik vil dei løyse legekabalen

– Løysinga er ikkje ideell, men brukbar og gjennomførbar, seier lege. 

Årdal: Ventetida på time hjå fastlegen er på grensa til det forsvarlege i Årdal. Kommunen har faktisk den lågaste fastlegedekninga i Sogn og Fjordane, og i snitt har legane ei listelengde på 1051 pasientar. Det gir ei ventetid på fem veker.

Difor ønskjer kommunen å utvide tenesta. Frå før er det lagt inn ein 50 prosent kommuneoverlege og 50 prosent fastlegeheimel i budsjettet til kommunen. I tillegg skal politikarane ta stilling til om ein ytterlegare ny fastlegeheimel skal innarbeidast i neste års budsjett med mål om få ned ventetida med to veker.

Men då saka var til handsaming i førre månad, trakk rådmannen ho fordi «ho ikkje var tilstrekkeleg utgreidd». Det viste seg at det ville bli trangt om plassen på helsehuset, som stod ferdig for under eit år sidan. No er to forslag til løysing lagt fram.

Sjekk forslaga til løysingar i faktaboks til høgre eller nedst i artikkelen viss du sit på mobil. 

Artikkelen held fram under biletet.

EIT ÅR GAMALT: Under eit år etter at helsehuset i Årdal stod ferdig må det endringar til for å få plass til eventuelt fleire legar. Arkiv
EIT ÅR GAMALT: Under eit år etter at helsehuset i Årdal stod ferdig må det endringar til for å få plass til eventuelt fleire legar. Arkiv

Det andre forslaget inneberer utbygging av helsehuset. Her er det snakk om to alternativ til høvesvis 420.000 og 700.000 kroner, men rådmannen rår ikkje til utbygging sidan dette ikkje ligg inne i investeringsprogrammet i økonomiplanen til kommunen, og meiner det ikkje er rett å fremja ei investering direkte i eit årsbudsjett.

Retting: Dei nemnde tala i avsnittet over vart først referert til som pris på dei to ulike løysingsforslaga. Dette er feil. Prisoverslaga er kostnadene dersom ein går for å bygge ut helsehuset, som er eit av løysingsforslaga. 

– Dette er skissert og kostnadsrekna av dei same arkitektane som hadde ombygginga. Det er to enkle løysingar, slik ein ser av prisen, kommenterer rådmann Olve Fossedal. 

I saksutgreiinga rår rådmannen heller til at dei folkevalde vel den første løysinga av løysingsforslaga (sjå faktaboks), men skriv at «det er ingen grunn til å legge skjul på at helsehuset vil trenge ei utviding ettersom tilhøva og krava endrar seg». 

Særleg gjeld dette auka krav til kommunale helsetenester til ferdigbehandla pasientar innan rus og psykiatri og veksande krav til deltaking i tverrfaglege møte. Dersom kommunen skulle få ein folketalsvekst, vil dette også påverke fastlegebehovet.

– Ikkje ideelt, men...

Brukbar og gjennomførbar, omtalar lege Bjarte Hove alternativet. Han har heile tida vore ei kritisk røyst til samlokaliseringa av helsetenestene, men trur dette er mogleg å få til. 

– Denne løysinga er ikkje ideell, men er brukbar og gjennomførbar, seier Hove, som har vore med på å gi innspel saman med tillitsvald. 

– Så får ein heller finne ut og ta ein grundig gjennomgang på kva det skal innehalde i staden for å byggje på noko no eller seinare. Det er mogleg å få til slik det står, og eg håpar veldig at dei folkevalde vil godkjenne ei ekstra stilling i tillegg til kommuneoverlege, legg han til.

URETTFERDIG: Rådmann Olve Fossedal tykkjer kommunen får litt urettferdig tyn for noko dei ikkje kunne gjere noko med.
URETTFERDIG: Rådmann Olve Fossedal tykkjer kommunen får litt urettferdig tyn for noko dei ikkje kunne gjere noko med.

Urettferdig tyn

Dei folkevalde fekk kritikk for å vere for lite framsynte då samlokaliseringa vart vedteken hausten 2014. Trass Robek-status fekk kommunen lov til å gå i gang og prosjektet vart ferdig innanfor kostnadsrammene. Når helsehuset no vart tema att, kom det nye reaksjonar.

– Eg har eit stort behov for å få fram at då helsehuset vart bygd om, var kommunen i ein spesiell situasjon. Det var begrensa kva ein fekk låne utan å vise til innsparing i drift. Det var litt av grunnen til at det vart som det vart. Dei får litt urettferdig tyn for ting me ikkje kunne gjere noko med. Viss dei kunne, ville dei sikkert klint på mykje meir, men fekk ikkje lov av Fylkesmannen, seier Fossedal.

Gunnar O. Hæreid, assisterande fylkesmann, seier dei aldri var inne i diskusjonen om å byggja større eller anleis.

– Fylkesmannen har aldri sagt nei til noko frå kommunen i denne saka. Ei anna sak er at det kan henda at kommunen valde å byggja mindre, av di kommunen frykta at Fylkesmannen ville seia nei til ei større utbygging. Men det var i så fall eit val kommunen tok sjølv., seier assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid. 

Uansett er Fossedal glad for at legane er nøgde med løysinga.

– Det er i dialog med Hove og tillitsvald at me har kome fram til løysinga. Viss eg ikkje hadde snakka med dei to, ville me aldri funne løysinga. Det er dei som har skoen på og veit kor han trykker. Så lenge legane er nøgde, skal eg applaudere, seier han. 

Asylmottaket forsvinn – lettar presset

Å finne ei løysing vart også brått mykje enklare då nyheita om at asylmottaket skal leggjast ned kom. Det frigir ressursar og plass. 

– Det stemmer. Då blir det eit kontor som blir meir eller mindre frigjort, svarar Hove. 

Saka skal opp til handsaming i formannskapet komande tysdag. 

Til toppen