MOTIVASJON: Trass nedgang i folketalet er det vekst i handelen i Årdal. Med Trond Haukedal på besøk håpar Årdal Næringssamskipnad å kunne motivere til endå meir vekst. Foto: Synne Asheim Haga. 
MOTIVASJON: Trass nedgang i folketalet er det vekst i handelen i Årdal. Med Trond Haukedal på besøk håpar Årdal Næringssamskipnad å kunne motivere til endå meir vekst. Foto: Synne Asheim Haga.  (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Slik vil dei motivere til endå meir vekst i handelen

– Me ser me har ytterlegare potensiale til å trekkja fleire kundar til Årdal, seier leiar i Årdal Næringssamskipnad, Kjell Nesse.

Årdal: Difor arrangerer Næringssamskipnaden eit motivasjonsforedrag komande fredag, der bedrifter i både Årdal og nabobygdene er invitert til å delta. 

Foredragshaldar er Trond Haukedal, som i tillegg til å ha 31 års erfaring som psykolog også har 10 års erfaring som senterleiar i kjøpesenter og som annonsesjef i Bergens Tidende.

Trass nedgang i folketalet er det vekst i handelen i Årdal. Det ligg an til mellom 2,6 og 3,5 prosent vekst i handelsnæringa frå 2015 til 2016. Landssnittet ligg på 2,6 prosent. Kjell Nesse i Årdal Næringssamskipnad trur potensialet er større.

– Me har bra tilbod i bygda, men ser at det er ytterlegare potensiale, seier han.

Bli ein betre seljar

I tillegg ser han på dette som eit ledd i det å få handelsstanden til å jobbe endå meir saman og vera meir bevisst på det å vera ein god seljar og elles synleggjera det ein har å tilby.

– Det tenkjer eg er viktig. Foredraget er mynta på handelsnærings, men også alle næringsdrivande generelt som har eit kundeforhold, meiner me kan dra nytte av dette, legg Nesse til.

– Det er slik at første kontakt ein har med kunden er avgjerande for om kunden er nøgd og snakkar positivt om deg inn i sitt eige nettverk. Dette kan gi ein liten boost.

Gode omtalar

Trond Haukedal vil mellom anna snakke om kva som må til på mindre stader der kundestraumen er mindre, korleis ein knyttar relasjonar, kommunikasjon og indre motivasjon.

59-åringen har i over 22 år reist rundt for å formidle «menneskekunnskap» og er kåra til både årets foredragshaldar og årets kurshaldar i Noreg. Varemerket hans er kombinasjon av fagleg tyngde og humoristisk og konkret forteljarstil.

– Han har fått mange gode omtalar og skussmål. Me var heldige sidan han var i området og kunne hente han hit til Årdal, seier Nesse.

Inviterer breitt

Leiaren i Næringssamskipnaden trur det kanskje spesielt er dei tilsette i bedriftene som bør ta turen i tillegg til leiaren. 

– Og bedrifter i Lærdal og elles i nabobygdene må gjerne ta turen. Me er avhengig av kvarandre.

Til toppen