ORIENTERTE: Dagleg leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg, orienterte bedriftseigarar på Årdalstangen om eit prosjekt som handlar om å utvikle sjøfronten. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
ORIENTERTE: Dagleg leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg, orienterte bedriftseigarar på Årdalstangen om eit prosjekt som handlar om å utvikle sjøfronten. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Slik vil dei prøve å løfte sjøfronten på Årdalstangen

På førespurnad frå Årdal Båtforening har Årdal Utvikling (ÅU) jobba fram eit forslag til kva som kan gjerast med kaiområdet på Årdalstangen.

Årdalstangen: Årdal Båtforening hadde tre overskytande flytebryggjer og tok kontakt med Årdal Utvikling med idé om korleis gjestebåthamna på Årdalstangen kan utviklast. Dette åleine vil koste rundt éin million kroner.

– Tanken er å benytta flytebryggjene, men det er viktig at ein gjer dette solid og slepp vedlikehald og reperasjonar, og sjølvsagt at det er attraktivt og pent, slik at folk vil tenkja seg å koma hit. 

– Utover i fjorden er det ingen som satsar skikkeleg på gjestebåthamn, så tenk om me kunne fått det til. Det som er litt ille og drepande for slike prosjekt er at ein for tidleg byrjar å snakke om kroner og ører, seier prosjektleiar Øyvind Jevnaker.

Artikkelen held fram under biletet.

OPPGRADERING: Prosjektleiar Øyvind Jevnaker synte fram korleis ein kunne nytte dei tre flytebryggjene og kva arbeid som måtte gjerast.
OPPGRADERING: Prosjektleiar Øyvind Jevnaker synte fram korleis ein kunne nytte dei tre flytebryggjene og kva arbeid som måtte gjerast.

Større perspektiv

For det var nettopp det ein fort merka. Difor tok Årdal Utvikling denne ideen og sette han inn eit større perspektiv. Sidan det vil liggje lite inntekter i ei gjestebåthamn isolert sett, iallfall dei første åra, håpar dei å få investorar på kroken ved å sjå på heile sjøfronten – eit selskap kalla Årdal Sjøfront.

– Viss me får ein aktør, kan den aktøren tenkje heile sjøfronten i Årdal og vera med som utviklingsaktør og bringa årdøler og gjester nærare kvarandre ved sjøkanten. Det finst mange døme på små og store samfunn som har klart å utnytta sjøfronten, seier dagleg leiar i Årdal Utvikling Terje Laberg.

– Det er jo litt spesielt at Sognefjorden går på land her, og dalføret må ha ein start og slutt, og me føler at det beste er å starta med turismen i sjøkanten, kopla opp mot Vikadalen og Ofredalen, og lat dette spreie seg framover i dalen.

Negativ utvikling

Laberg er klar på at dette er eit initiativ Årdal Utvikling ikkje kan eiga. Difor var fleire bedriftseigarar, hovudsakleg frå Årdalstangen, samla på Klingenberg Hotell torsdag for å få tankane presentert. Håpet er at ein eller fleire av desse skal gå saman og oppretta eit selskap.

Artikkelen held fram under biletet.

OPPGRADERING: Det har vore dykkarar for å sjå på kaien, og statusen dei gav tilbake er at den er i god stand. No håpar ÅU å få med seg investorar på å gi heile sjøfronten eit løft.
OPPGRADERING: Det har vore dykkarar for å sjå på kaien, og statusen dei gav tilbake er at den er i god stand. No håpar ÅU å få med seg investorar på å gi heile sjøfronten eit løft.

Dei seinare åra har utviklinga vore noko skeiv mellom dei to tettstadene i kommunen, der pila har peika stort sett nedover for Årdalstangen. Ved å ta tak i kaiområdet, som er kommunalt eigd, håpar ÅU at dette skal få positive ringverknader, både for tettstadet, men også andre næringar.

Positiv bølgje

At kaiområdet er kommunalt eigd betyr at næringsutviklinga kan gripe fatt det med det same i motsetnad til andre bygg, som er eigd av andre interessentar.

– Eg ser, og er einig i, at me har utfordring med å skape liv og røre på Årdalstangen, men kvar skal me byrja? Skal me løysa alle problema før me byrjar? Eg trur me skal ta tak i det som er lettast, og så ta det steg for steg. Då ser eg at det å starta på kaien og fjorden er nøkkelen for å etablera nye aktivitetar oppover på torget, seier Laberg vidare.

– Det andre er at i resten av sentrum sit det eigarar med sine vurderingar. Men får me til noko her, kan det henda at det blir meir attraktivt for dei som eig infrastruktur på Årdalstangen, og så får ein ei positiv bølgje.

Satsing på reiseliv

Laberg og Jevnaker ser også dette inn i reiselivsplanane kommunen har for dei neste åra. Sjølv om dette neppe vil gi meir enn titals arbeidsplassar, handlar det om å skape trivsel blant folk.

– Dette vil styrka handel, rekruttering og trivsel. Det er vinn-vinn heile vegen, men så ser me at det er kollisjonar mellom industriinteresser og reiseliv på bygg, så kan ein overfokusere på det, men eg vel å tru at viss ein får aktørane inn i same rommet, så går det seg til, smiler Laberg.

Torsdag var mange av aktørane samla, men interessa var litt laber, men i staden for å gi det opp der og då, var det bestemt at det blir sendt ut eit formell emisjon, som går breitt, både til bedriftseigarar i Årdal, men også utanbygds. 

Til toppen