PLANAR: Børre Øvstetun fortel kva planar dei har lagt for framtida for Jotun handball. Det blir gjort fleire sentrale grep. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun.
PLANAR: Børre Øvstetun fortel kva planar dei har lagt for framtida for Jotun handball. Det blir gjort fleire sentrale grep. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun. (Foto: Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun.)

Slik vil dei «revitalisera» Jotun

– Kulturen må endrast, seier Børre Øvstetun i arbeidsutvalet til klubben.

Årdal: Saman med vurderinga av sesongen som var, kjem det også nokre konkrete tiltak og planar frå arbeidsutvalet i Jotun handball. 

Etter å ha rykt ned til 3. divisjon handlar det no om å sjå framover og leggja ein strategi som sikrar framtida til klubben. 

Les også: Øvstetun: – Det var ein læreprosess

To lag og utvida ansvarsområde

Børre Øvstetun uttalar seg på vegne av arbeidsutvalet, som heilt sidan sesongslutt har jobba med å leggja ein plan for sesongen som kjem. Der skoen kanskje trykker mest er på rekrutteringa, som ifølgje Øvstetun er noko dei har vore altfor dårlege på.

– Me gjer nokre grep. Olli (Olafur Sveinsson, trenar journ. anm.) får endra på kontrakten sin slik at han får det sportslege ansvaret for 14- til 16-åringane. Dette blir ei eiga treningsgruppe. Då har han ansvar for rekruttering frå heile bygda.

– Og så har me meldt på eit 4. divisjonslag, som er eit samarbeid med ÅTIL. Dei trenar ein gong i veka og er eit U23-lag. Det skal ikkje vera bedriftsspelarar der. Det er for dei som ikkje heilt har teke steget, eller ser at dei ikkje vil trena så mykje, men synest handball er artig. Og så håpar me at nokre av desse synest det er så gøy at dei vil spela i 3. divisjon, forklarar Øvstetun. 

– Kulturen må endrast

Nedover i rekkene blir dei fleste laga no heitande Jotun/ÅTIL eller ÅTIL/Jotun for å sikra hospiteringstilbod. I og med at 4. divisjonslaget heiter det sama, kan spelarar frå både ÅTIL og Jotun få prøva seg her. 

– Kulturen må endrast. Det skal framleis vera moro, men på trening konsentrerer ein seg. Det skal vera plass til alle, men det skal trenast, og så aukar ein gradvis på. 

– Dette har vore eit forsømt kapittel på grunn av mangel på struktur og for lite trenarar. Det har som regel vore foreldre eller tidlegare handballspelarar, og det er ikkje noko gale i det, men det har vore trenden. No får Olli det sportslege ansvaret, og så har laga eigen trenarar som er med på kampar. 

Har følarar ute

Men rekruttering er ikkje gjort over natta, og i og med at fleire av spelarane anten gav seg eller har bytta klubb sidan førre sesong, har det vore eit spørsmål om Jotun faktisk har lag å stilla med.

– Me har lag, ja. Me har dei unge som var med i fjor, og så har me hatt eit møte med folk som har spelt handball tidlegare, og som har meldt sin interesse. Då har me laga eit opplegg der desse må vera på tre obligatoriske treningar, der ein har speleøktrer, og så skal dei som skal trena meir, trena meir. Det håpar me at me får til. 

Breiare støtteapparat

I tillegg er det utskiftingar i apparatet rundt, men sidan det framleis er litt tidleg enno, vil ikkje Øvstetun vera like konkret og namngi desse og kva funksjonar dei får. 

– Men det er ringrevar og gamle ulvar som har vore med på dette før.

Han fortel at det heile må reetablerast og byggast opp på nytt, og då treng dei folk som vil bidra.

– Det er mange som meiner noko om handballen, og så må me ha folk som gjer noko, ikkje berre meiner. Det er ein god del som har sagt seg villig til å ta på seg ein del oppgåver. Me manglar nokon namn, men me har mange førespurnader ute, og det er fleire som er villige. Det er positivt.

Nye tider

Og i og med at ein neppe ser resultat av ei betre satsing på rekruttering i løpet av sommaren, er det ikkje utenkeleg at dei går for å henta spelarar før sesongstart, avslører han. Sjølv om økonomien er bra, går det framleis med ein del til «gamal moro».

– Men det er på heilt andre vilkår enn før. Då er det ikkje snakk om å lønna dei, men skaffa dei arbeid slik at dei kjem hit og bur her. 

– Det som også blir eit satsingsområde er dei som reiser frå bygda for å studera, at ein hentar dei tilbake. No opnar det seg litt med arbeidsplassar i bygda, og ting snur litt, og då er det om å gjera å få dei som framleis spelar handball tilbake. 

Med desse planane siktar dei høgt i 3. divisjon. Øvstetun seier målet er å kjempa blant topp tre, og så vil berre tida visa om planane er vasstette eller treng meir finpuss.

Til toppen