MEIRSAL: Ved å spreie informasjonen mest mogleg håpar Visit Sognefjord, Lærdal Næringsutvikling og bedriftene som er med på prosjektet å få turistar til å bli lenger og leggja att meir pengar. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
MEIRSAL: Ved å spreie informasjonen mest mogleg håpar Visit Sognefjord, Lærdal Næringsutvikling og bedriftene som er med på prosjektet å få turistar til å bli lenger og leggja att meir pengar. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Slik vil dei skapa meir verdiar av turisme

Ved å bli flinkare på informering håpar bedrifter i Lærdal at turistane vil bli der lenger og bruka meir pengar.

Kommunen er nemleg pilot for eit samarbeidsprosjekt mellom Lærdal Næringsutvikling (LNU) og Visit Sognefjord, der målet er å skapa meir verdiar av turisme.

– Føremålet er at turistane skal bli lenger i området og leggja att meir pengar. Jo meir nøgde turistane er, dess meir pengar brukar dei og dess lenger blir dei, seier Ståle Brandshaug, dagleg leiar i Visit Sognefjord.

Tysdag ettermiddag var fleire bedrifter i Lærdal samla på rådhuset for eit informasjonsmøte om prosjektet. Ikkje alle, men relativt mange bedrifter er meldt på.

Skapa meirsal

Tanken då er at desse signerer ein intensjonsavtale, der dei forpliktar seg til enkelte ting, som til dømes å lese seg litt opp på kva som eksisterer av attraksjonar både i nærområdet, men også i nabokommunane. Med andre ord skal dei vera budde dersom ein turist tilfeldig kjem inn i butikken og lurer på noko.

– Ein må jobba med å bli flinkare til å inspirera dei som kjem inn og spør, så dess meir dei tilsette kan om Lærdal og området rundt, dess lettare blir det å ha dialog med kundane. Då kan ein anbefala dei til å reisa andre plassar og fortelja om andre ting for å skapa meirsal, forklarar Brandshaug.

Artikkelen held fram under biletet.

VERTSKAPSROLLE: Bedriftene som er med på prosjektet får ei vertskapsrolle, der det i prinsippet ikkje er å lova å svara veit ikkje når turistar kjem og spør om råd.
VERTSKAPSROLLE: Bedriftene som er med på prosjektet får ei vertskapsrolle, der det i prinsippet ikkje er å lova å svara veit ikkje når turistar kjem og spør om råd.

Vertskapsrolle

Desse bedriftene får ei såkalla vertskapsrolle. Det betyr at det ikkje berre handlar om dei sjølve, men at ein saman skal bidra til å hjelpa kvarandre. Brandshaug fortel at det i praksis ikkje skal vera lov å svara veit ikkje når nokon kjem og spør.

– Språk er kanskje meir utfordrande, men me er eit turistområde med 600 000 gjestar kvart år. Det er berre byane som har fleire besøkande, så når ein tilset sommarvikarar, bør dei kanskje kunna engelsk i det minste, seier den dagleg leiaren. 

Rundt omkring på bedriftene og butikkane som deltek blir det utplassert stativ med informasjonsbrosjyrer, men i tillegg finst det både ein applikasjon og nettside som kan nyttast for meir informasjon. Tanken er å spreie turistinformasjonen ut frå nettopp turistinformasjonen og til alle krikar og krokar i bygda.

Gratis wifi i sentrum

Det blir også jobba med å få sett opp gratis wifi som turistar kan logga seg på for å finne denne informasjonen. Dette er ei sak som først skal avgjerast i styret i Lærdal Næringsutvikling før ho blir sendt vidare og avgjort politisk i august.

Her er det snakk om ei finansiering via næringsfondet, der ein samarbeidar med kommunen, forklarar Inga Jane Vie Karlsen i Lærdal Næringsutvikling. 

– Det skal litt til for at kommunestyret stoppar det viss LNU seier ja. Det trur eg ikkje har skjedd før, seier ho, men åtvarar samstundes at ingenting vert avgjort før i august. 

Ser verdien av å vera med

Ein av dei som ein skal kunne spørje om hjelp i sommar er Børre Klingenberg på Kiwi, som ikkje er ein typisk aktør innanfor turistinformasjon, men som ligg sentralt i sentrum.

– Eg ser kor viktig det er å presentera Lærdal, visa at me er til og kva me kan tilby. Difor har eg teke med meg to av mine tilsette i dag. Dette er veldig viktig, meiner Klingenberg og seier han er einig i at ein må hjelpa kvarandre.

LES OGSÅ: Lærdal har fått status som turiststad

– Det er difor me har valt å ha søndagsope fordi det skapar liv i bygda. Nokon er for og nokon er imot, men me ser etter to søndagar med opne dørar at dette er det marknad for. 

Og så skal jo ein sjølvsagt ikkje sjå vekk frå at dette vil skapa verdiar for dei sjølve også.

– Dette prosjektet er veldig positivt. Det har blitt etterlyst før og vore tema før, men då har det berre rent ut i sanden. No som LNU og Visit Sognefjord er med håpar eg at dei tek steget vidare. Eg skal sørga for at folk i mi bedrift er så oppegåande som mogleg, både fast tilsette og sommarvikarar.

Til toppen