LEI AV Å PLANLEGGJE: Sander Buene, styreleiar for Sogndal Fjell- og Fjordsportssenter, kan ikkje vente med å komme i gong med ombygginga. 
LEI AV Å PLANLEGGJE: Sander Buene, styreleiar for Sogndal Fjell- og Fjordsportssenter, kan ikkje vente med å komme i gong med ombygginga. 

Slik vil dei skape eit senter for fjell- og fjordsport i Sogndal

Sogndal Fjell- og Fjordsportssenter vart skipa for to år sidan. Til no har det berre vore eit namn, men til hausten startar jobben med å setje konseptet ut i live.

Sogndal:  Friluftsfolket i bygda skal endeleg få samlingsplassen dei har venta på. Tretten lokale verksemder står bak. Etter to år med jobbing i kulissane skal det bli godt å endeleg få litt maling på skjorta og nokre fliser i fingrane.

– Eg er ein praktikar. Det først når det verkeleg skjer noko at eg føler me er i gong, ikkje når me planlegg. Så det ser eg verkeleg fram til, seier Sander Buene, styreleiar i selskapet bak prosjektet.

GÅR SNART I GONG: Til hausten startar arbeidet med å gjere dette byggjet i Sogndal om til eit senter for friluftsfolk.
GÅR SNART I GONG: Til hausten startar arbeidet med å gjere dette byggjet i Sogndal om til eit senter for friluftsfolk.

– Har ikkje planar om å bli rike

Senteret skal halde til på Dampskipskaien, i det oransje byggjet som dei siste par åra mellom anna har fungert som kafè. Initiativtakarane har engasjert arkitektar til å teikne forslag på korleis det heile skal sjå ut. 

– Mitt ønskje er at me får aktivitet her gjennom heile året. Ikkje berre to månader om sommaren, slik som det er no, seier Buene.

HEIMEKOSELEG: Fjell- og fjordsportsenteret har tenkt å vidareføre den avslappa og heimekoselege atmosfæren som pregar kafèen der i dag.
HEIMEKOSELEG: Fjell- og fjordsportsenteret har tenkt å vidareføre den avslappa og heimekoselege atmosfæren som pregar kafèen der i dag.

Inntektene skal kome frå kafedrift, utleige av kontor og lagerplass, samt vidaresal av opplevingar og turar. Men drivkrafta er å skape noko i bygda, for det stadig veksande miljøet av friluftsinteresserte.

– Me har ikkje planar om å bli rike på dette her, seier Buene.

På sikt håpar dei å få fiksa opp heile bygget og uteområdet. Første punktet på lista er å få isolert første etasje, slik at det vert leveleg der om vinteren. På ønskjelista står òg ting som nytt kjøken og resepsjon. 

–  Planen er å gjera mykje på dugnad. Me skal gjera det nøkternt, men bra. Det skal vera ein avslappa stil og ei atmosfære som passar for oss friluftsfolk, seier Buene.

Har enno ikkje teikna kontrakten

Alt er ikkje spikra enno, men tanken er at aktivitetsbedriftene skal ha kontor i andre, medan første etasje vert retta mot publikum.

– Viss det for eksempel kjem ein gjest som vil ha eit guida opplegg, så kan dei berre gå opp trappa til den som faktisk har laga produktet, seier Buene.

Ei anna målsetjing er å verte eit naturleg utgangspunkt for organiserte turar. Her kan folk møtast før dei fer og her kan dei samlast etterpå. Vegg i vegg kjem det eit lager der verksemdene kan oppbevare alt frå breutstyr, klatreutstyr, kajakk, syklar.

Alle planar kostar pengar, sjølv om dugnadsviljen er aldri så stor. Skulle dei ha fiksa alt på ein gong ville summen fort ha nærma seg fem millionar.

– Det trur eg ikkje er mogleg å få inn slik det er no. Men me kjem langt med halvannan million og det er noko eg trur me skal klara å få til, seier Buene.

NYTT INNHALD: Kafèen på Dampskipskaien har med sitt lokale særpreg blitt ein populær møteplass i Sogndal. No er målet å skape nytt innhald til staden.
NYTT INNHALD: Kafèen på Dampskipskaien har med sitt lokale særpreg blitt ein populær møteplass i Sogndal. No er målet å skape nytt innhald til staden.
Til toppen