PANORAMAUTSIKT: Korridor i det gamle gymnasbygget første etasje, her mot sør med panoramautsikt over Sogndalsfjøra. Etter ombygging og rehabilitering til 130 millionar kroner skal bygget samle lærarutdanninga under same tak.
PANORAMAUTSIKT: Korridor i det gamle gymnasbygget første etasje, her mot sør med panoramautsikt over Sogndalsfjøra. Etter ombygging og rehabilitering til 130 millionar kroner skal bygget samle lærarutdanninga under same tak. (Statsbygg)

Slik vil gymnasbygget sjå ut etter ombygging

Etter ombygging til 130 millionar kroner skal det gamle gymnasbygget frå 1965 husa lærarutdanninga til Høgskulen på Vestlandet.

SKISSE: Gymnasbygget 1. etasje. Her vert det mykje kontor, klasserom og auditorium. Bilde: Statsbygg
SKISSE: Gymnasbygget 1. underetasje. I underetasjen vert mellom anna det grafiske rommet flytta frå Fossbygget.  Bilde: Statsbygg

Sogndal: Det er Statsbygg som står for ombygginga av det gamle gymnasbygget som vart kjøpt av fylkeskommunen i 2015. Statsbygg står òg som eigar av bygget og leiger det ut til høgskulen.

Mot slutten av året skal bygget vera ferdig rehabilitert og ombygd over to etasjar.

Terje Bjelle som er viserektor for utdanning seier til Porten.no at dei planlegg innflytting til jul, med opning januar neste år.

Flyttar frå Fossbygget

Bygget er kjøpt for å samla lærarutdanninga under same tak. Gymnasbygget får fleire kontor og møterom, noko som vil frigjera plass på Fossbygget, der lærarutdanninga har mellom anna hatt grafisk verkstad.

Ein del grupperom har også vore nytta til kontor for tilsette som følgje av plassmangel.  

I dei nye teikningane til Statsbygg er grafisk verkstad lagt til første underetasje, saman med keramikkrom, sløydrom og spesialrom for musikk. I første etasje er det mest kontor og ordinære klasserom. På sørsida av bygget er det i følgje teikningane lagt inn auditorium med fast tribune for 96 plassar, som gjev lærarstudentane ein stor forelesingssal. 

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som finansierer byggeprosjektet, medan høgskulen sjølv må dekke utgifter til husleige og drift.

Til toppen