GRØN FRAMTID: Professor Reidar Almås var i går på landbruksseminar på Sogn folkemuseum på Kaupanger. Der snakka han om korleis vi kan få landbruket på rett kurs. 
GRØN FRAMTID: Professor Reidar Almås var i går på landbruksseminar på Sogn folkemuseum på Kaupanger. Der snakka han om korleis vi kan få landbruket på rett kurs. 

Slik vil professoren kurere landbruket

Professor Reidar Almås ser at landbruket er på veg dit ingen vil. No lanserer han kuren, utan at det skal koste meir pengar.

Kaupanger: Professoren har forska på bygdeutvikling og landbrukspolitikk i fleire tiår.

I si nyaste bok kjem han med konkrete løysingar på korleis vi kan få det folk flest ønskjer, nemleg eit miljøvenleg landbruk som i stor grad produserer den maten vi treng. Eit viktig premiss er òg at det ikkje skal koste meir enn i dag.

– Alle vil ha meir pengar, så det er ikkje mitt forslag, men å bruke dei 14,5 milliardane landbruket får på ein meir fornuftig måte, seier Almås.

Les også: Meir sauekjøt frå fjordfylket
Les også: Byggjeboom blant bønder

Både sjukdomen og kuren vart presentert på landbruks- og matseminaret som vart halde på folkemuseet på Kaupanger i går.

For å byrje med dei dårlege nyhenda først.

Dette er retninga Almås meiner landbruket er på veg:

  • Bruken av dyrka jord går ned. – Eit dekar er like stort som grunnflata her inne på folkemuseet. Sju hundre og femti tusen sånne har gått ut av drift dei siste ti åra. Det er mykje jord, seier Almås.
  • Utmarka blir utnytta i stadig mindre grad. – Vi tek inn berre halvparten av kaloriane frå utmarka, det som kjem til oss gratis via fotosyntesen. Og då har vi teke med alt av hjort, elg og andre dyr.
  • Jorda blir dårleg stelt. – Når grøftene tetnar på eit jordstykke, då byrjar det å frigje CO2. God jord, derimot, bitt opp CO2, både i jordsmonnet og fordi plantene veks betre. Det same prinsippet gjeld i skogen.

Så til retninga Almås meiner landbruket bør ta:

  • Større grad av sjølvforsyning. Det vil gjere oss mindre avhengige av import av både kjøtt og fôr.
  • Meir bruk av beite, både i innmark og utmark. Mindre bruk av mais og soya i fôret.
  • Meir dyrking. Det skal stimulerast ved å innføre statstilskotet på nytt.

– Det handlar om å bruke naturen til å produsere mat og bitte opp CO2. Eg vil ha eit grønare Noreg. Dette er landbruket sitt bidrag, oppsummerer professoren.

Til toppen