FORSLAG TIL FORDELING: Rådmann Olve Fossedal vil setje av 6 millioner kroner av dei 8,7 millionane kommunen gjekk i overskot med i 2016 til disposisjonsfondet. Pengane skal nyttast til medfinansiering av lån og uføresette kostnader. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FORSLAG TIL FORDELING: Rådmann Olve Fossedal vil setje av 6 millioner kroner av dei 8,7 millionane kommunen gjekk i overskot med i 2016 til disposisjonsfondet. Pengane skal nyttast til medfinansiering av lån og uføresette kostnader. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Slik vil rådmannen fordele overskotet til kommunen

Rådmannen vil setje av seks millionar kroner til disposisjonsfondet.

Årdal: Årdal kommune hadde eit overskot på nesten 8,7 millionar kroner i 2016. No er det opp til dei folkevalde å bestemme kva overskotet skal nyttast til. Tysdag skal saka opp i formannskapet med følgjande tilråding frå rådmannen:

  • Avsetning til næringsfondet kr. 2 169 244,42,-
  • Avsetning til energi og klimafond kr. 500.000,-
  • Avsetning til disposisjonsfondet kr. 6.000.000,-

– Eg skulle helst ønskt me hadde 7–8 millionar kroner til, og hadde det ikkje vore for tilleggsrekninga frå det lokalmedisinske senteret og forholda rundt avviklinga av asylmottaket, så kunne me ha lagt fram ein rekneskap med 8–9 millionar til, seier Olve Fossedal, rådmann i Årdal.

Det er ikkje tilfelle, difor forklarar han fordelinga av overskotet slik.

– Tanken min er å byggje opp disposisjonsfondet fordi det skal nyttast til uføresette utgifter og å medfinansiere investeringar. Difor har eg valt å gå for eit større beløp på dette fondet enn på næringsfondet.

MEIR TIL KLIMA: Sandra Opheim (MDG) kunne godt tenkja seg at det vart sett av meir pengar til klimafondet.
MEIR TIL KLIMA: Sandra Opheim (MDG) kunne godt tenkja seg at det vart sett av meir pengar til klimafondet.

MDG meiner klimafondet bør styrkast

Om dette vert den endelege fordelinga, gjenstår å sjå, men Sandra Opheim (MDG) kunne gjerne tenkt seg litt meir enn 500.000 kroner til klimafondet.

– Klimapolitikk er altoverskridande for MDG. Me meiner det er naudsynt å ta eit klimaperspektiv generelt i politikken. Difor er me også blokkuavhengige. Me ser ikkje korleis gamle ideologiar kan løyse krimakrisa verda står overfor.

– For å gjennomføre eit grønt skifte må me tenkje heilskap og samstundes iverksette mange konkrete og spesifikke klimatiltak på ulike nivå – også i lokalpolitikken, og her kan klimafondet spele ei sentral rolle i Årdal. MDG meiner difor at klimafondet må styrkast, er hennar kommentar til forslaget.

MANGLAR PENGAR: Terje Laberg i Årdal Utvikling seier dei berre har finansiert opp 40 prosent av handlingsplanen for i år.
MANGLAR PENGAR: Terje Laberg i Årdal Utvikling seier dei berre har finansiert opp 40 prosent av handlingsplanen for i år.

Treng pengar til næringslivsutvikling

På den andre sida sit Terje Laberg og Årdal Utvikling. Han fortel at dei i år berre har finansiert om lag 40 prosent av handlingsplanen for 2017. Det betyr at mange prosjekt vil bli forsinka og skyvd til 2018 og seinare – eller i verste fall vil dei aldri kunne gjennomførast, seier han.

– Døme på prosjekt som me burde ha gjennomført i 2017, men som truleg vert utsett er kulturbasert næringsutvikling. Tanken her er å lage ein strategi for korleis næringslivet og kulturlivet kan finne saman og lage gode næringsprosjekt. 
Dette prosjektet ville ha vore ein viktig del av strategien knytt til besøksnæringane handel, reiseliv og kultur. Skal me lykkast med å satse på desse næringane, må me satse på alle samstundes, då dei har synergieffektar mot kvarandre, seier han.

– Årdal Utvikling har òg utfordringar når det gjeld nye næringsprosjekt. Me ser at det er prosjekt me ikkje får jobba nok med, då me har for lite ressursar i stiftinga til å ta tak i alle prosjekta godt nok.

Til toppen