MJUK TILNÆRMING: Sogndal Høgre vil legga til rette for at fleire skal bruka både sykkelen og beina i nye Sogndal kommune.
MJUK TILNÆRMING: Sogndal Høgre vil legga til rette for at fleire skal bruka både sykkelen og beina i nye Sogndal kommune. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

MEININGAR

Sogndal Høgre vil kopla den nye kommunen saman med gang- og sykkelvegar

– Ikkje alle kan, eller vil, gå på toppturar, skriv dei i dette meiningsinnlegget.

Sogndal: Kommunesenteret Sogndal har mange storbykvalitetar. Me kan nemna kulturhus, kino, kaffibarar, kjøpesenter, park, fjordsti med meir. Dette er viktige tilbod til innbyggjarane, studentane, tilreisande og, ikkje minst, for omdømet vårt.

KAMPSAK: Gunnhild Olstad Bøyum, fjerdekandidat i Sogndal Høgre. Foto: Halvor Farsund Storvik

Me i Sogndal Høgre ynskjer å laga ein heilskapleg strategi og plan for mjuke trafikantar, som gåande og syklande, i heile den nye kommunen vår.

Les óg: Tilhøyrar om klimadebatt: – Eg får Titanic-kjensla. Dette går ikkje bra

– Me har ein draum

Dette har fleire perspektiv: aktivitet, folkehelse, aktiv trening, trafikktryggleik, miljø, men vil òg binda kommunen sine ulike delar meir i lag, samt sikra tilreisande attraktive gjeremål i den nye kommunen vår.

Med godt utbygde gang- og sykkelvegar, vil fleire koma til oss, dei vil bruka kommunen. Det er ikkje få lustringar som går tur langs fjordstien, og som kjøper kaffi etterpå på kafeane og kaffibarane våre. Det er bra, og me ynskjer fleire velkomne.

Me har ein draum om at det fram i tid må kunne gå an å sykla trygt frå Balestrand, over den nye brua over Esefjorden til Leikanger. Det same frå Leikanger til Sogndal og vidare til Kaupanger. Me i Sogndal Høgre ynskjer og gang- og sykkelsti langs vegen frå Sogndal og inn til Årøy. Trygt og sikkert for mjuke trafikantar! I politikken må det òg vera lov å ha visjonar og draumar.

Vil ha folkehelseløype

KAMPSAK: Arnt Hovland Munthe, femtekandidaten til Sogndal Høgre. Foto: Halvor Farsund Storvik

Sogndal Høgre ynskjer at ein kan kopla sykkelvegen til Årøy og brua over Årøyelva med sti eller grusveg attende til Barsnes. Tenk for ein rundtur dette ville ha vore! Me trur dette scenarioet er mogeleg og no ein må jobba langsiktig med. Me trur dette hadde blitt ein favoritt for mange i den nye kommunen, men óg for turistane.

Langs denne «folkehelseløypa» ville me ha skapt gode soner for trening, ro og rekreasjon. Prosessen rundt eit slikt prosjekt må vera open, ærleg og transparent. Og det krev samarbeid med Statens vegvesen, fylke og grunneigarar. Eitt er på det reine, om me ikkje arbeider for slike langsiktige løysingar, skjer det heller ikkje så mykje.

Me vil ha meir aktivtet. Det gjev glede, folkehelse og tilbod som treff fleire av innbyggjarane. Ikkje alle kan, eller vil, gå på toppturar. Då er det viktig med eit godt og trygt gang- og sykkelvegnett. Sogndal Høgre vil difor arbeida for eit samla gang- og sykkelvegnett i og for den nye kommunen.

Til toppen