AKTIV: Varaordførar Marie-Helene Hollevik Brandsdal seier Arbeidarpartiet vil jobba aktivt for at Årdal skal få fleire føter å stå på. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
AKTIV: Varaordførar Marie-Helene Hollevik Brandsdal seier Arbeidarpartiet vil jobba aktivt for at Årdal skal få fleire føter å stå på. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Slik vil varaordføraren gi Årdal fleire føter å stå på

Varaordførar i Årdal Marie-Helene Hollevik Brandsdal meiner ein kan skapa arbeidsplassar ut frå naturen som omkransar kommunen.

  • Endret

Finanspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet Marianne Marthinsen besøkte Årdal tysdag denne veka, og ho fryktar konsekvensane blå-blå politikk kan ha for ei industribygd som Årdal.

– Det eg fryktar aller mest er kombinasjonen med dårleg kommuneopplegg og ein auka bruk av oljepengane, seier ho til Porten.no.

Difor understrekar ho at det er viktig for Årdal å få fleire føter å stå på. I bygda har Hydro vore ein hjørnesteinsbedrift i fleire tiår, men etter kvart som økonomien internasjonalt har slete på verksemda, har det også gått ut over kommunen.

Utnytta naturen

Då er det viktig å tenkja nytt og å leggja politisk til rette for at innovative prosjekt skal lykkast. Det er noko varaordførar Marie-Helene Hollevik Brandsdal legg vekt på.

– Me vil jobba aktivt for at Årdal skal få fleire føter å stå på. Med det meiner eg at me bevegar oss mot tenesteytande næringar, sjå rundt oss på kva me har av natur og gjera oss attraktive når det gjeld det, seier ho til Porten.no.

Og det er spesielt dei høge fjella som skjermar for sola om vinteren og den flotte naturen ho føler det ligg eit potensiale.

– Me kan skapa arbeidsplassar ut frå dei naturressursane me har rundt oss og få folk til å besøka oss. Folk skal få lyst til å stoppa her like mykje som andre plassar.

– Her i Årdal er me gode på industri, men me kan bli gode på andre område også, legg ho til.

Samarbeid

Det vil ho få til ved å skapa eit tett samarbeid med nabokommunane.

– Eg tenker at me må sjå på nærliggande kommunar og finna ut korleis me skal voksa ilag med felles bu- og arbeidsområde. Me må samarbeida og gjera kvarandre betre på det me allereie er gode på.

– Sogndal er regionsenteret, men dei skal òg gjera sitt til at dei andre kommunane veks. Viss me skal ta frå av kvarandre og alt skal vera i Sogndal, så ete ein jo opp seg sjølv til slutt. 

Støtta kvarandre

Dersom Årdal skal bli gode på turisme, er det lett å tenkja at då tar ein nettopp frå andre, nemleg Aurland og Flåm, men slik ser ikkje varaordføraren på saka.

– Det tenkjer ikkje eg at me gjer, men at me gjer oss meir attraktive som kommune slik at folk vil stoppa her og gjerne flytta hit. 

– Når Visit Sognefjorden vart etablert, gjekk jo me for at det skulle liggja i Aurland for der er dei gode på dette. Det er det eg meiner, at me samarbeider. Og så må me fordela arbeidsplassane til dei kommunane som er gode på det dei er gode på. 

– Det skal ikkje vera det same som at kvar og ein kommune ikkje kan driva med dei same tinga.

Ho understrekar at det er utrulig viktig for kommunen å ha andre næringar å støtta seg på.

– Det er alfa og omega. Det er klart me må ha arbeidsplassar som gjer at folk får lyst til å komma heim etter utdanning, til dømes innan kommunen, handel, tenesteytande næringar.

– Det er viktig for at det skal bu folk i bygda.

Til toppen