Slike blinkskot frå Sogn fekk fart på fotokarriera hennar

Frøydis Geithus (41), opphavleg frå Sogndal, har gjort seg bemerka med bryllaupsfoto i spektakulære omgjevnader frå heimtraktene.

Sogndal/Bærum: I desember vart ho som einaste kvinne og einaste bryllaupsfotograf plukka ut til å vere ambassadør for Nikon i Norden.

– Det at eitt av dei største merka anerkjenner meg som eitt av sine ansikt utad er ei tillitserklæring som betyr utruleg mykje. Det er veldig eksklusivt, seier ho.

Les også: Historisk bryllaup i Borgund stavkyrkje
Les også: Eit bryllaup av dei sjeldne

Naturen i Sogn har blitt stadig viktigare

Suksessen forklarer ho med lidenskapen ho har for jobben, kombinert med naturen ho finn i Sogn.

EKSLUSIV KLUBB: Frøydis Geithus frå Sogndal er einaste reine bryllaupsfotograf og einaste kvinne som har fått æra av å bli Nikon-ambassadør i Norden.
EKSLUSIV KLUBB: Frøydis Geithus frå Sogndal er einaste reine bryllaupsfotograf og einaste kvinne som har fått æra av å bli Nikon-ambassadør i Norden.

– Det har alt å seie. Eg har vorte kjent for korleis eg brukar naturen rundt meg i bileta mine, seier ho.

Geithus er oppvaksen i Sogndal, men flytta til Oslo i 1997. Der opna ho studio og har drive sjølvstendig som fotograf sidan 2000. Det er ein jobb som krev mykje reising, både til nære og fjerne strøk.

Kulissane ho finn i heimfylket har blitt stadig viktigare.

– Dei siste ti åra har eg sett kor viktig og flott naturen er og brukar det meir og meir medvite i bileta mine. Mange av para eg fotograferer kjem frå andre plassar i Norge til Sogn. Ikkje minst har vi nokre fantastiske hotell, som Tørvis, Kviknes, Walaker og Skjolden hotell.

Store planar for 2017

Mange av oss tek framleis bryllaupsbiletet same dag som viinga, meir eller mindre som ein pitstop på veg til festen.

Geithus seier det er blitt ein trend at stadig fleire brudepar vel ut spektakulære destinasjonar og reiser dit med innleigd fotograf. Ikkje minst har Island blitt ein populær plass for dei som ønskjer ekstra flotte minne i bryllaupsalbumet.

No håpar Geithus det same vil skje her heime.

– Mitt store mål for 2017 er at Norge skal bli ein slik destinasjon og at eg skal setje Sogn og Fjordane meir på kartet, spesielt Sogn der eg kjem frå, seier ho.

Til toppen