ELLEVE OKSEKALVAR: Utryddingstrua urfe frå Vestlandet og ein frå Trøndelag skal eta seg store i Vetti i sommar. Foto: Rigmor Solem
ELLEVE OKSEKALVAR: Utryddingstrua urfe frå Vestlandet og ein frå Trøndelag skal eta seg store i Vetti i sommar. Foto: Rigmor Solem

Slike har du nok ikkje sett i Vettisgjelet på kring 30 år

Det var ein historisk dag då elleve oksekalvar kom på plass frå Veste Slidre måndag. I heile sommar blir dei gåande å beite i det eldgamle kulturlandskapet i Vetti. 

– Som del av å halde kulturlandskapet i hevd skal beitedyra i sommar vera med å gjera jobben. For å gjenskape tidlegare bruk høyrer også beitedyra med i kulturlandskapet. Likevel er storfe eit nytt innslag på beite i Vetti, fortel Rigmor Solem, fagansvarleg for Jotunheimen og Utladalen i Statens Naturoppsyn. 

Både sau og geit har vore på plass i Vetti i mange år, men storfe har ikkje vore her sidan tidleg 1980-talet, fortel Solem. 

Utryddingstrua urfe frå Vestlandet og ein trønder

Men det er ikkje tilfeldig kva som oksekalvar som er på plass i Vettisgjelet. Vestnorsk Fjordfe er urfe som høyrer til på Vestlandet. Då den er utryddingstrua, finst det knappe 700 dyr av desse i heile landet. I fjor var det 600 kyr og 50 oksar av denne spesielle rasen. Når oksekalvane har vekse seg store skal dei bli avlsoksar. 

Også ein kalv av typen Trønderfe er på plass på beite. Solem fortel han er kvit og med svart mule, som kan likne ein trønderbart. 

Skal halde dei tamme og sosiale

– Vårt ansvar er at dei er skikkeleg inngjerda, at dei får fôret dei skal ha og nok kontakt slik at dei held seg tamme og sosiale, fortel Solem. 

LIV I VETTI I SOMMAR: Rigmor Solem, fagansvarleg for Jotunheimen og Utladalen i Statens Naturoppsyn. 
LIV I VETTI I SOMMAR: Rigmor Solem, fagansvarleg for Jotunheimen og Utladalen i Statens Naturoppsyn. 

Kalvane skal bli flytta rundt i inngjerda område i Vetti, slik at det blir mindre gras å slå. Dei vil bli beitande heilt inn mot Vettisvegen, slik at du som turgåar kan oppleve dei i sitt rette element.

– Men pass deg for straumgjerdet, åtvarar Solem. 

Statens naturoppsyn skal halda kulturlandskapet i hevd på bestilling av Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. 

Til toppen