STORBESØK: Under eit døgn etter at påmeldinga til Lerum Cup opna, har arrangementet allereie passert fjorårets deltakartal. I Knipenborg er det venta litt over 800 deltakarar. Foto: Ole Ramshus Sælthun.

Slo deltakarrekorden under eit døgn etter at påmeldinga opna

Drøye 800 skyttarar har allereie sikta seg inn på å ta turen til Indre Sogn for å delta på Lerum Cup i mai.

Årdal: Då påmeldinga opna på nettet tidlegare denne veka, fekk serverane verkeleg køyrt seg. Til no har rundt 800 meldt seg på stevnet på ei eller fleire av banene i Indre Sogn. 

For å samanlikna: I Knipenborg hadde dei 701 deltakarar i fjor. Her er dei oppe i 798 i skrivande stund. Farnes hadde 684, og dei er no oppe i 792 påmelde. Med andre ord ligg dei godt føre skjema.

– Lerum Cup har vakse seg så stor at me nesten har nådd den grensa på tal skyttarare me har kapasitet til å ta i mot. Eg ser iallfall ikkje vekk frå at det blir mellom 810 og 820 påmelde til slutt, seier Kjetil Hov, som er påmeldingsansvarleg i Knipenborg Skyttarlag på Årdalstangen.

Tredje størst i Noreg

Lerum Cup har fem arrangementstader i Øvre Årdal, på Årdalstangen, på Hafslo, Leikanger og i Sogndal. I ei heil veke frå 15. mai vil det kry av ivrige skyttarar i Indre Sogn desse dagane – både glade amatørar og nokre av landets beste.

Stevnet har hatt ein så eventyrleg vekst at dei no er det tredje største i landet. Berre Landskyttarstevnet og dei to første rundane i Norgescup er større.

– Så noko må me ha gjort rett, seier Glenn Vie i Farnes skyttarlag og smiler.

– Det kan det ikkje vera nokon tvil om. Det me gjerne får skryt for er at alt er på stell her. Alt fungerer, resultatservicen er heilt suveren, noko Kai Wigum skal ha mykje av æra for. Listene er oppdaterte før skyttarane er komne ut av standplass, seier han.

Gode støttespelarar har bidrege til at stevnet er blitt som det har blitt, og etter kvart har også det lokale næringslivet byrja å få augo opp for arrangementet. Dei to er klare på at med så mykje folk innom bygdene, er dette ein unik sjanse for næringslivet.

Tidleg i sesongen

Årsaka til at så mange legg turen til Indre Sogn desse dagane kan ha mykje med årstida å gjere, meiner Hov.

– Det kan nok ha noko med det å gjera; me er eit par helger før sesongstart på Norgescupen. Difor kjem mange av dei aller beste skyttarane hit, og då vil dei andre skyttarane vera med også. 

– Er det snakk om så stor påmelding at de får trøbbel?

– Me har utfordringar på 100 meter, her er det stort sett fullt på alle banene. Faktisk kunne me nok hatt fem skiver meir på kvar bane, og enno ville det ha vore rimeleg fullt, seier han.

Men vidare vekst er likevel velkome.

– Eg trur me skal klare over tusen deltakarar, smiler Vie.

Til toppen