REKORD: Marius Vedvik frå Førde sette ny rekord under Vettisløpet søndag. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
REKORD: Marius Vedvik frå Førde sette ny rekord under Vettisløpet søndag. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Slo løyperekorden under Vettisløpet 

Marius Vedvik (24) frå Førde knuste den seks år gamle løyperekorden då han søndag sprang Vettisløpet for aller første gong på tida 28,38 minutt. 

Årdal: Kia Gemechu frå Sogndal vart raskaste kvinne med tida 36,44 minutt, men slo ikkje løyperekorden til lærdølen Anna M. Tråve som har rekorden frå 2004 på 36,02 minutt. 

– Det var litt vanskeleg og tungt i dag, sa Gemechu etter løpet. 

Ho slo likevel rekorden sin frå i fjor då ho sprang på 37,13 minutt. Samanlagt kom ho på 8. plass under årets løp. 

RASKASTE KVINNE: Kia Gemechu frå Sogndal slo løyperekorden sin frå i fjor. 
RASKASTE KVINNE: Kia Gemechu frå Sogndal slo løyperekorden sin frå i fjor. 

Nest raskast i løypa var Rune Opem som sprang for Dalebrand IL og konkurrerte i 40-49 års klassen for menn. Han sprang på 28, 56 minutt og slo også  Svein Inge Buhaug sin løperekord frå 2010 då han sprang på 30, 43 minutt. 

19. året på rad

Anne M. Tråve har sprunge Vettisløpet 19 gonger. Søndag kom ho på ein samla 22. plass med tida 41, 45 minutt. Tråve sprang i klassen kvinner mellom 60 og 69 år for Lærdal IL. 

– Eg kjem til å fortsetja å springa så lenge eg syns det er kjekt. For meg er dette ein livsstil. Eg syns det er moro heile tida, seier ho etter løpet. 

SPREK: Anna M. Tråve har framleis løyperekorden for kvinner. I dag sprang ho sitt 19. løp.
SPREK: Anna M. Tråve har framleis løyperekorden for kvinner. I dag sprang ho sitt 19. løp.

Tidlegare i år sprang ho motbakkeløpet Storehaugen Opp i Lærdal og skal delta på NM i motbakkeløp under Molden Opp. I august skal ho også delta i VM i Italia. 

– Det var heilt perfekt vêr i dag. Eg syns det er greitt å springa i kaldt vêr og det regna ikkje så mykje heller. Løypa var veldig fin, seier ho. 

Tråve spring helst motbakkeløp, og forklarar at ho sleit litt med farten i dag. 

– Alt i alt vart det eit veldig fint løp og eg syns det er eit kjempe bra arrangement. Til neste år må eg vere med for då er det mitt 20. Vettisløp, seier Tråve. 

– Spesielt å vinna

Marius Vevik knuste den tidlegare løyperekorden med heile to minuttar. 

– Det var veldig kjekt å delta, spesielt sidan eg vann. Eg hadde ein tøff konkurrent i Rune Opem som verkeleg var i form i dag, seier 24-åringen som sprang løpet for første gong.

START: Startskotet gjekk av klokka 14.00 søndag ettermiddag.
START: Startskotet gjekk av klokka 14.00 søndag ettermiddag.

Vedvik er opprinneleg frå Førde, men spring for Gular IL. 

– Eg har litt slekt i Sogndal og Årdal, så det var kjekt å kombinere løpet med å besøke dei, sa Vedvik. 

VINNARAR: Marius Vedvik og Kia Gemechu vann begge kvar sin klasse.
VINNARAR: Marius Vedvik og Kia Gemechu vann begge kvar sin klasse.

Arrangør av Vettisløpet, Rolf Breisnes, var nokså sikker i sin spådom før løpet starta at Vedvik kom til å slå rekorden. 

– Han er i Noregstoppen, så dette hadde eg rekna med, seier Breisnes. 

Spektakulært natur

Trass i låge temperaturar og litt regn, stilte likevel fleire opp som publikum denne søndagen. 

– Vêret gav nok ein dempar på løpet, ikkje for dei aktive, men for publikum og dei som spring i trimklassen, seier Breisnes. 

MINIJOGGEN: Dei minste fekk også prøve seg på å springe.
MINIJOGGEN: Dei minste fekk også prøve seg på å springe.

Før sjølve Vettisløpet starta, var det arrangert minijogging for dei aller minste og trimklassen starta allereie klokka 10.00 om morgonen. 

– Vettisløpet har ikkje blitt så veldig mykje større med åra, men me har funne ein bra profil som passar for oss, seier han. 

Dette er det 31. Vettisløpet som vert arrangert under Skåri. Vanlegvis er det mellom 50 og 100 som spring og mellom 300 og 400 som deltek i trimklassen. 

– I år hadde me 50 som sprang og 200 i trimklassen. Løypa er 9 kilometer akkurat. Løypetraseen er veldig veldig god. Det som gjer dette løpet spesielt er sjølvsagt den spektakulære naturen, avsluttar Breisnes. 

HEIAGJENG: Publikum trassa regnet for å heie dei spreke deltakarane fram.
HEIAGJENG: Publikum trassa regnet for å heie dei spreke deltakarane fram.

 

 

Til toppen