ANDRE GONG: Det er andre gong spydkastaren deltar i NM. Foto: Arkiv
ANDRE GONG: Det er andre gong spydkastaren deltar i NM. Foto: Arkiv

Slo personlege rekordar under Junior-NM

Simon Lidal frå Årdal og Jennifer Mjøs frå Aurland deltok i Junior NM på Brandbu Stadion denne helga.

Brandbu: Både for årdølene og aurlendingen vart det nye personlege rekordar under konkurransen. 

Dette var andre gong Simon Lidal deltok i junior NM. Målet hans var å komme til finalen og kaste så langt som mogleg i spydkast. Det første målet greidde han.

– Eg følte det gjekk heilt greit under NM, der eg fekk eit resultat på 52,13 meter som er ny personlig rekord. Eg kunne kasta 55 meter eller lengre viss alt hadde gått etter planen, seier han.

Betre enn sist gong

Det heldt til ein 5. plass, akkurat som i fjor. Då kasta han 45 meter, så 52,13 i årets konkurranse er definitivt ei betring.

Utøvaren fortel at han har trent mykje teknikk og holdt styrken sin vedlike.

– Det er veldig kjekt å delta i konkurransar, men det er ekstra stor stas å få delta i NM.

Gjekk vidare til semifinale

Lidal var ikkje den einaste sogningen som deltok på NM i helga. Også Jennifer Mjøs frå Aurland stilte til start i mellom anna 100 meter, der det blei ny personleg rekord med tida 12,85.

– På 100 gjekk eg vidare til semifinalen. Det var mykje tull med datasystemet på stemnet. Det førte til at ein del øvingar vart forsinka. Lengdekonkurransen kom midt i semifinalen, så då var det å hoppa inn og gjera klart til lengden. Derretter rett bort til semifinalen, fortel ho.

– Sliten som eg var gjekk det dårlegare i semifinalen enn i forsøket. Tida vart 12.99. I lengde var eg litt uheldig då eg trakka eg over i satsen på første hopp, så det blei ingen finale på meg der.

Mjøs legg til at alt i alt var ho nøgd med 100 meter. Då Porten.no snakke med ho førre veke, var ho usikker på om toppformen var forbi, men etter helgas konkurranse føler ho at formen framleis er der. 

Til toppen