KLARE FOR NM: Sogndal sitt J16-lag er klare for 1. runde i NM etter at dei slo Stryn 3-0 onsdag kveld. Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no.
KLARE FOR NM: Sogndal sitt J16-lag er klare for 1. runde i NM etter at dei slo Stryn 3-0 onsdag kveld. Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no.

Slo Stryn 3-0 og sikra seg plass i NM

Sogndal er klare for 1. runde i Telenor Cup etter at dei slo Stryn 3-0 onsdag kveld.

Sogndal: Sogndølene kapra dermed den einaste plassen til Sogn og Fjordane til NM J16 Telenor Cup, J16-nivået sitt svar på cupen.

Etter det trenar Jan Rune Årøy skildrar som ein rotete 1. omgang frå begge lag, var det Sogndal som kunne gå til pause på stillinga 2-0. Amalie Hauglund gav dei kvite og svarte 1-0 etter 13 minutt før Elin Holme la på til 2-0 i det 34. minuttet.

– Ingen av laga hadde særleg bra spel dei første 45 minutta, og Stryn hadde dei fleste sjansane, men me scora likevel to mål. I 2. omgang styrer me frå første minutt og kunne ha scora fleire mål, men det vart eitt til, seier Årøy.

Målet er 2. runde

Det var det Lina Seldal som scora. I år var det Stryn, Sogndal og Jotun som hadde meldt på lag, der Sogndal slo Jotun i den første kampen, men dei raude og grøne måtte etter kvart trekke laget på grunn av mangel på spelarar. Då vart det ein rein finale mot Stryn onsdag kveld, der Sogndal stakk av med sigeren på Reed stadion.

Sjå fleire bilete frå kampen på lokalfotballbloggen haugenfotball.no.

Sogndal er no klare for den 1. runden i NM. No ventar dei spent på kven som blir motstandar. Dei to siste åra har ingen lag frå fylket klart å ta seg vidare frå denne runden.

– Det er kjekt å koma med i NM, der ein kan måla styrke mot andre lag frå andre delar av landet. Det vil gi ein referanse på kor ein står, seier Sogndal-trenaren.

– Målet vårt var å ta oss til NM, og no er det neste å ta seg vidare frå 1. runde. Så får me sjå. Cup er cup.

Til toppen