SLUTT: Brørne Knagenhjelm legg ned drifta av Knaken etter at det vil koste 370.000 kroner å registrere kulturminne ved Kaupanger Hovedgård. Foto: Halvor Farsund Storvik.
SLUTT: Brørne Knagenhjelm legg ned drifta av Knaken etter at det vil koste 370.000 kroner å registrere kulturminne ved Kaupanger Hovedgård. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Slutt for Knaken: – Trist at det skal ende slik​

Brørne Knagenhjelm legg ned drifta av Knaken etter at det vil koste 370.000 kroner å registrere kulturminne ved Kaupanger Hovedgård.

Kaupanger: Som Porten.no omtalte tidlegare tysdag, ville Christoffer og broren Nils Joachim Knagenhjelm, som driv Kaupanger Hovedgård, gi opp Knaken dersom dei ikkje fekk svar frå fylkeskommunen innan 12.00.

Svaret dei venta på var eit løyve til å få dyrke gras på eit område dei har rydda for skog. Slik skulle dei produsere mat til geitene, samstundes som kulturlandskapet blir sett i opprinneleg stand. I ti månadar har det venta på svar.

TRIST: Christoffer Knagenhjelm har saman med kona drive Knaken sidan 2008. No er det over.
TRIST: Christoffer Knagenhjelm har saman med kona drive Knaken sidan 2008. No er det over.

Begeret rann over

Det som kompliserer saka er at fylkeskommunen krev arkeologiske registreringar på området. Tysdag blei det klart at registrering av eventuelle kulturminne vil koste 370.000 kroner. Det vil ikkje brørne gå med på å betale.

– Det er dette som får begeret til å renne over. Prisen i seg sjølv er éin ting, men dette har også med manglande dialog å gjere. Dette er berre ein del av det, og me anar ikkje kva den totalt kostnaden vil vere. Det kan vere snakk om millionar, seier Christoffer Knagenhjelm til Porten.no.

Han tykkjer det er eit paradoks at dei må betale for dette når forvaltninga ønskjer at arbeidet dei gjer skal halde fram.

Tom innvendig

Brørne Knagenhjelm har saman ansvar for historiske skattar av nasjonal storleik. Kaupanger Hovedgård og stavkyrkja er begga freda. Familien har sidan 2008 brukt mykje tid og ressursar på å halde historia i hevd og føler myndigheitene ikkje gjev dei drahjelpa dei treng. 

– Det er litt typisk for korleis det fungerer i fylket. Eg synes det er trist at det skal ende på denne måten. 

– No er eg ganske tom, og eg reknar med eg får ein reaksjon i kveld. Det er eit livsverk som vert avslutta, seier Christoffer Knagenhjelm. 

– Tykkjer det er leit

Glenn Heine Orkelbog, arkeolog i Sogn og Fjordane fylkeskommune, sa til Porten.no måndag at han tykte det var leit å høyre at Knagenhjelm gir opp.

– Det håpar eg dei ikkje gjer, for eg synst dei gjer ein kjempegod jobb, seier han.

Grunnen til at dei har vist interesse for nydyrkinga, er den rike historia på staden. 

– Deler av dette arealet var sannsynlegvis kjerneområdet for middelalderkaupangen. Det gjer det til ei kompleks sak å få laga eit kostnadsoverslag på. Difor har det teke tid for vår del, seier Orkelbog.

Til toppen