TO MÅL: Gilbert Koomson er den store mannen i 1. omgang på Fosshaugane. Foto: Halvor Farsund Storvik
TO MÅL: Gilbert Koomson er den store mannen i 1. omgang på Fosshaugane. Foto: Halvor Farsund Storvik

Slutt i Sogndal: Ramsland sette punktum med 4-0

Gilbert Koomson gjorde ingen feil åleine med keeper etter 40 sekundar og 38 minuttar seinare la han på til 2-0 med ei perle. Halvvegs uti 2. omgang vart det også «uekte» hat-trick på ei straffe. Så var det Martin Ramsland sin tur.

Sogndal: Sogndal starta fantastisk heime mot Viking; etter berre 40 sekundar vart Gilbert koomson spelt gjennom, sleit seg fri og sette kula utagbart nede til høgre for Viking-keeper Iven Austbø.

I det heile var Sogndal svært friske frå start av og dominerte første halvdel av 1. omgang. Ei handfull halvfarlege hjørnespark kunne fort ha ført til dobling, og heimepublikummet ropte på straffespark etter 21 minuttar då Martin Ramsland sleit seg fri og gjekk i bakken. Svært vanskeleg å seia om forvarsspelaren til Viking var borti Ramsland.

Fem minuttar seinare var det omvendt; Viking ropa på straffespark etter at Victor Grodås småklønete hekta ein mann på spissen av femmeteren. At Grodås var borti var det lite tvil om ettersom han sjølv sette seg ned med smerter i foten etter hendinga, og sogndølene skal nok vera glade for at dommar Kai Erik Steen let den passera.

Eit knallhardt skot frå 17 meter frå siddisane etter halvtimen spelt gjekk rett på Dyngeland, men sogndalkeeperen boksa kanona rett til vêrs og Wæhler viste at spensten sit inne ettersom han fekk heada unna.

Dansa seg gjennom og dobla

Etter 38 minuttar gjorde Koomson alt sjølv; han dansa seg inn på om lag 16-meterstreken, løfta hovudet og plasserte ballen elegant over og til høgre for vikingkeeper Austbø.

Dermed gjekk Sogndal til pause med tomålsleiing.

2. omgang starta med lågare tempo og ikkje all verda skjedde før Victor Grodås støytte ihop med ein Vikingspelar midt på siddisane sin halvdel. Grodås heldt seg til kneet og hinka til slutt av bana før han fekk hjelp av helsepersonell på sidelinja. Espen Næss-Lund gjekk inn på venstrebacken, men vart etter kvart trekt inn som ein tredje midtstoppar medan Lars Christian Kjemhus trekte ned på venstreback.

3-0 på straffe: Koomson igjen

Etter 65 minuttar meinte heimepublikum vikingkeeper Austbø hadde ballen i hendene utanfor 16-meteren; Koomson vart spelt gjennom, Austbø storma ut og kom så vidt på ballen først liggjande og skliande på sida – han sleppte ballen, men av reprisa kunne det sjå ut til at han gjorde det akkurat for seint. Stemmer det, ville han normalt ha fått raudt kort.

Tre minuttar seinare vart Martin Ramsland felt innanfor 16 - meteren og Sogndal fekk straffe. Ikkje klokkeklar, men heller inga feil vurdering. Og kven sette straffa kontant til høgre for keeper medan keeper gjekk til venstre? Gilbert Koomson, så klart.

4-0 ved Ramsland

Ti minuttar før slutt kom Henrik Furebotn inn for Eirik Schulze etter ein timinuttarsperiode der lite og ingenting veldig spennande skjedde på Fosshaugane.

Tre minuttar før full tid vart Martin Ramsland spelt åleine med Iven Austbø og gjorde ingen feil; 4-0 etter ei kontant nettkjenning nede til høgre for vikingkeeperen.

Viking hadde eit par farlege forsøk på overtid som kunne resultert i eit trøystemål, men det enda 4-0 på Fosshaugane.

Kjetil Wæhler (41) og Per-Magnus Steiring (20) startar som midtstopparar. Både Henrik Furebotn, Bendik Bye og Espen Næss Lund sit på benken.

Sogndal startar slik:

Keeper: Mathias Dyngeland

Forsvar: Taijo Teniste, Victor Grodås, Per-Magnus Steiring, Kjetil Wæhler

Midtbane: Chidiebere Nwakali, Gilbert Koomson, Lars Christian Kjemhus, Eirik Birkelund

Angrep: Eirik Schulze Martin Ramsland

Porten.no kjem tilbake med reaksjonar og høgdepunkt på video seinare laurdag kveld.

Til toppen