Lærdal: - Det har ikkje vore den heilt store skisesongen grunna lite snø. Og der ført til lite oppmøte - då klarar me ikkje å finansiera kostnadane med skibussen, trass i at me har fått tilskot frå kommunen til dette. Me måtte avlysa cuprennet på Borgund også, slikt påverkar nok også litt oppmøtet på skibussen, seier Heine Linga, leiar i skigruppa i Lærdal idrettslag.
Skibussen har gått tre gonger så langt i år - kvar laurdag frå rådhuset på morgonen og retur frå skiheisen på Filefjell når heisen stengjer klokka 16.
Dei som brukar bussen betalar 80 kroner per veg, men når det har vore mellom fire og elleve som har nytta tilbodet desse laurdagane, er ein ikkje i nærleiken av å dekkja kostnadane.
- Dette beklagar me veldig. Kanskje kan me få til enkeltturar seinare i sesongen. Og i alle høve satsar me på å ha skibuss komande sesongar, seier Linga.