VINTERTID: Natt til søndag 30. oktober er det igjen tid for å stille klokka éin time tilbake. Då er det normaltid som gjeld fram til den siste helga i mars.​
VINTERTID: Natt til søndag 30. oktober er det igjen tid for å stille klokka éin time tilbake. Då er det normaltid som gjeld fram til den siste helga i mars.​

Slutt på sommartida – i helga får du ein ekstra time

Natt til søndag er det ubønnhøyrleg slutt på sommartida og vi skal stille klokka tilbake ein time. Ei lita trøyst er kanskje at du i tillegg får eitt sekund ekstra under nyttårsfeiringa.

Sogn: Når klokka blir 3 natt til søndag, skal den stillast tilbake til klokka 2.

I regjeringa er det næringsminister Monica Mæland (H) som er ansvarleg for tida, ettersom ho er ansvarleg statsråd for Justervesenet. Ho seier at det er opp til kvar enkelt korleis dei vil bruke denne ekstra timen.

– Sjølv kjem eg nok til å sove litt ekstra, men alternativa er mange denne søndagen. Du kan for eksempel tenkje på kva regjeringa kan gjere for deg, alternativt kva du kan gjere for regjeringa. Du kan også kose deg med nattorientering, lese ein god bok eller bestille helgetur til fantastiske Bergen. Uansett kva du vel, er eg overbevist om at det blir eit godt val, seier Mæland.

I tillegg til éin ekstra time i helga, får du også eitt sekund ekstra til nyttår.

– Det internasjonale byrået som overvaker jordrotasjonen, (IERS), har nemleg bestemt at det i 2016 skal bli lagt til eitt sekund – eit såkalla skotsekund – til den offisielle tidsskalaen til verda UTC, forklarar Mæland.

Sekundet blir lagt til i overgangen frå 2016 til 2017. I Noreg vil dette skotsekundet komme éin time inn i det nye året, klokka 00.59.60.

Behovet for eit skotsekund kjem av at jorda roterer uregelmessig. Dei siste åra har eitt døgn i gjennomsnitt vore omtrent eit tusendels sekund lengre enn 24 timar. Frå 1972 har det derfor blitt lagt til skotsekund. Førre gong det blei lagt til var natt til 1. juli 2015. (©NPK)

Til toppen