meiningar
Avtroppande redaktør i Porten.no, Truls Grane Sylvarnes. (Bilde: Porten.no)
meiningar

Sluttord: Sats på dei som vil noko

Mange lurte på om eg var gal då eg slutta i TV 2 Sporten, som var draumen min, og byrja i Porten.no. Sjølv om det har vore tøffe tak og nakken min ikkje akkurat er like fleksibel som den gongen, så har eg aldri angra eit sekund. Eg trudde eg berre digga fotball, men det viser seg at eg elskar å skrive om politikk, næringsliv og utvikling.

Det å sjå ting i ein samanheng, er det mest morsomme, for så å forsøke å forklare deg kvifor ting skjer slik dei skjer.

Eg har gjort mykje på desse tre åra. Eg har intervjua ministera, laga saker og tenkt «herregud, dette er ei tullesak» og dekka saker med sprengstoff i seg. Eg har høyrt folkevalde i Årdal krangla om kva fond 50.000 kroner skal takast frå og høyrt kollegaene i Lærdal seia at dei skal setja seg ned og sjå på ting.

Eg har også møtt mange spennande typar med gode idear, som er villige til å ta ein sjanse. Me finn mange av dei i Sogndal og i miljøet rundt Campus.

Til slutt sit eg att med det eg sjølv meiner er eit ganske breitt og godt syn på kva utfordringar regionen vår har. Du har sjølvsagt rikspolitikken som trugar med forslag om å fjerne eigedomsskatt på verk og bruk, regionreform og politireform. Meir interessant, tykkjer eg, er det som er nærliggande og kanskje lettare å gjera noko med, men det krev denne «nokon».

Det blir fleire eldre. Det blir færre unge. Folketalet går nedover i fleire kommunar. Ringverknadene er enorme. Korleis det påverkar kommuneøkonomien er éin ting, men kva med årskullet som ikkje har nok ungar til å stille fotballag? Kva skjer så med barnehagen eller skulen?

Då eg byrja, hadde eg nokre tankar om at me som lokalavis skal prøva å lyfta lokalsamfunnet fram. Rett og slett stille spørsmåla som kan bidra til utvikling, danne meiningar og endre haldningar. Sjølv føler eg me har lykkast greitt med det.

Passande nok vert den siste saka mi i Porten.no om nettopp ein slik «nokon», Kristoffer Nystedt på Utladalen Camping. Same året som eg flytta tilbake til Årdal, kjøpte han campingplassen og seinare Svalheim Gard og har klint til. I same periode har ein samla gjort eit løft for reiselivet, og no byrjar ein å sjå effektane av det. 

Og i det eg skriv dette, vert Knut Bordal, lærar ved Årdal vidaregåande skule, kåra til årets entreprenørskapslærar i Sogn og Fjordane. Betydninga av ei slik anerkjenning for skulen i Årdal og Årdal som samfunn er enorm, nettopp fordi dette er unge gründerar som kan skapa verdiar i lokalsamfunnet.

Slike trengs det fleire av. Tida der rike kraftkommunar ordnar opp når ingen andre vil eller kan, er forbi (ref. kva fond dei 50.000 kronene skal takast frå). Mange misforstår også rolla næringsapparata til kommunane spelar – at dei faktisk berre er til for å leggja til rette, og så er opp til «nokon» å ta tak.

Poenget mitt er vel det at bak kvar ei bedrift eller organisasjon som lykkast, står det gjerne eldsjeler som brukar masse tid på i gi deg og meg eit tilbod, men ting må gå rundt for dei.

Det er lett å ønskja seg både det eine og andre tilbodet (gocart-bane i Dooria-bygget til dømes), men faktum er at «nokon» må ta ansvar og ordna det. Då nyttar det ikkje å sitja i sofaen heime, logga inn på Facebook og lura på kvifor ingen har laga akkurat det tilbodet til meg.

Det er ikkje dermed sagt at me ukritisk skal stille oss bak «nokon», men eg vil påstå at alle samfunna i Sogn som eg har blitt kjend med gjennom jobben som redaktør, har ein veg å gå på det å samarbeida, snakka kvarandre opp og spela kvarandre gode, der miljøet i Sogndal er dei som har kome lengst på denne vegen – noko som syner seg att i både tilbod og folketalet.

No ventar nye utfordringar som digital leiar i Østlendingen for min del. Eg må innrømma at det å slutta i Porten.no er tyngre enn eg hadde trudd. Eg håpar at me på desse tre åra har klart å gi deg eit betre innblikk i kva som rører seg i lokalsamfunna våre. Eg er trygg på at dei «nye kostane» vil lykkast med det i tida som kjem også.

Takk til alle som har kome med støttande ord i strevsame tider. Takk til alle som har sendt meg og oss tips. Takk til alle som stiller sporty opp på intervju og bilete. Takk til dei som bidreg med informasjon og forklaringar når ein kunnskapslaus journalist kjem rekande. Og til slutt takk til gjengen i Porten.no som har gitt meg sjansen.

Hugs: Mediemangfald er viktig for lokalsamfunnet.

Til toppen