SMÅ OG STORE: Mathias Hatlestad Larsen og ungane hadde laga klar plakatar til demonstrasjonen utanfor samfunnshuset.
SMÅ OG STORE: Mathias Hatlestad Larsen og ungane hadde laga klar plakatar til demonstrasjonen utanfor samfunnshuset. (Foto: Janne Merete Bøyum)

Små og store demonstrerte mot vindkraft

Onsdag kveld var det folkemøte i samfunnshuset om vindkraft. I forkant av det møtte mange opp utanfor samfunnhuset for å protestere.

Høyanger: – Det er lett å seie ein er mot noko, det er noko anna å stille opp til demonstrasjon, seier Einar Rysjedal.

Folk stilte opp foran samfunnshuset i knallgule refleksvestar for å protestere med vindkraft. Foto: Janne Merete Bøyum

Raudtpolitikaren var ein av mange som onsdag kveld hadde møtt opp i gule refleksvestar utanfor Høyanger samfunnshus for å protestere mot vindmøller.

– Det er unødvendig med vindkraft i Høyanger. Me er her for å vise usemje mot det, seier familiefar Mathias Hatlestad Larsen. 

Verkar som folk ikkje blir høyrt

Ein halvtime seinare var vindkraft temaet på eit folkemøte i samfunnshuset. Det er områder i Høyanger som har blitt sett på som gode områder for bygging av vindmøller. Mange av dei lokale synest ikkje dette er noko god ide. 

Hatlestad Larsen og ungane hans hadde laga plakatar for høve.

SMÅ OG STORE: Mathias Hatlestad Larsen og ungane hadde laga klar plakatar til demonstrasjonen utanfor samfunnshuset. Foto:  Janne Merete Bøyum

– Me vil vise at det er viktig, seier han. 

Han trur det er håp om å nå fram med bodskapen.

– Det verkar som om folk ikkje blir høyrt. No håpar me å sende eit tydeleg signal til politikarane og næringa, seier han. 

Tru på at dei vinn saka

Protestaksjonen kom i stand på kort tid, men samla likevel godt med folk.

– Eg trur det kjennest godt for folk å gjere noko som betyr noko, å vere aktiv for ei god sak, seier Rysjedal.

Einar Rysjedal synest det er flott at folk har tatt iniatitiv til ein slik demonstrasjon. Foto: Janne Merete Bøyum

Han rosar innbyggjarane for initiativet. 

– Det viser at det ikkje berre er kommunestyret som sit og bryr seg om ting, seier han.

– Eg har veldig tru på at me vinn denne saka.

 

 

Til toppen