Små og store er samde om bassengopninga

Små og store er samde om bassengopninga

Fram til no har mange nytta seg av friluftsbadet på Årdalstangen, takket vere eit stort engasjemang og underskriftskampanje. Porten tok seg turen ned og slo av ein prat med både store og små. 

Hadde det ikkje vore for det store engasjemanget til Reidun Fodnes og Bodil Selland Nordnes, er det ikkje sikkert bassenget hadde vore oppe og gått. Men no, i midten av juli har det vore ópe ei god stund, og me tok oss turen ned for å høyre kva store og små meiner om bassengopninga. 

Amanda Mørkeli Bronnes, 16 år.
Amanda Mørkeli Bronnes, 16 år.

Fyrst ut er tangingen Amanda Mørkeli Bronnes. Ho synest det er utruleg bra at bassenget er opna for både store, men og spesielt for dei yngre. 

–Det var utruleg trist når bassenget vart lagt ned, men heldigvis er det oppe å går igjen, noko som er veldig bra. Då er det noko å gjere på om sommaren for den yngre generasjonen på Tangen, seier Amanda. 

Sjølv har ho vore, og er fortsatt ein flittig brukar av bassenget. Samtidig har ho også høyrt frå venner og kjente at alle er samde om at det var flott at bassenget er kommet i drift igjen. 

Hans Jørgen Bjørvik på 20, med dattera Othelia på fanget. 
Hans Jørgen Bjørvik på 20, med dattera Othelia på fanget. 

Bjørvik er samd med kva Amanda også sa, og synest det er flott å ha eit basseng også på Tangen. Han synest det er godt å slippe å reise opp til Øvre med ungane for å  få seg ein dukkert. 

–Me kjem nok til å bruke det mykje. Så lenge været er der, så kjem me nok til å ta turen nedom, smiler Hans Jørgen.

Minstemann ut, Julie Lislelid på 11 år. 
Minstemann ut, Julie Lislelid på 11 år. 

–Det er veldig kjekt å ha eit basseng å komme tilbake til, ettersom det har vore stengt. Da slepp me å reise opp til Øvre for å bade, seier ungjenta. 

Som alle andre ivrige bassengbrukarar, kjem Julie til å vere der så lenge det ikkje er for kaldt. Ho skal tilbringe mykje av sin tid i bassenget, med sine beste venner.  

Til toppen