HANDVERK: Linda Borlaug skildrar produkta som skal lagast på Tya Bakeri som ekte handverk. Foto: Tya Bakeri.
HANDVERK: Linda Borlaug skildrar produkta som skal lagast på Tya Bakeri som ekte handverk. Foto: Tya Bakeri.

Smaken av ekte handverk

Det nærmar seg opningstid på det spennande prosjektet Tya Bakeri.

I 2012 byrja tankane å surra hjå Linda Borlaug om at det kunne vore kjekt å starta eit bakeri i Årdal. 

– Det var då me byrja å leika med ideen. Me såg ei tom gågate og hadde lyst til å skapa noko og få til noko. Me såg at det var potensial i lokalet. Eg har alltid likt å baka både gjærbakst og kaker, og mor mi er konditor og veldig flink i sitt fag. 

GJEKK UNNA: Då Linda Borlaug (t.v.) og kollegaen stod på stand på Fjord til fjell, forsvann 580 bakverk på ein time. Arkiv: Ingrid Nordbye-Antonsen.
GJEKK UNNA: Då Linda Borlaug (t.v.) og kollegaen stod på stand på Fjord til fjell, forsvann 580 bakverk på ein time. Arkiv: Ingrid Nordbye-Antonsen.

– Etter kvart kontakta me dei i Lom og Morten Schakenda, og i 2013 heiv med oss med på kurs før me slo oss i saman med desse ølkarane (Tya Bryggeri journ. anm.) og jobba vidare med ideen.

Laurdag 27. juni skal ideen endeleg presenterast for svoltne årdøler. Då opnar Borlaug dørene. Det vil seia; nokre har allereie fått smaka på bakverka. Då Tya Bakeri hadde stand på Fjord til fjell til dømes, vart 580 bakverk revne vekk på ein time. Det lovar godt.

Handverk

Og det er kanskje med god grunn at årdølene set slik pris på produkta. Dette er nemleg som handverk å rekne.

– Morten (Schakenda journ. anm.) gir veldig mykje av seg sjølv og deler alle oppskrifter, men me ønskjer også å skapa våre eigne. Det skal berre vera Tya Bakeri som kan tilby dette, der me brukar lokale råvarer frå Lærdal, som er ein bærleverandør i toppklasse. Slik vil me få fram eit bakverk som er heilt unikt. 

– No har me også Tya Bryggeri vegg i vegg, så då kan me bruka deira råvarer også. Det blir eit skikkeleg handverk, som ein ikkje får andre plassar. 

– Ikkje juks

– IKKJE JUKS: – Bakverka er ikkje sprøyta fulle av all slags oljar og gluten.
– IKKJE JUKS: – Bakverka er ikkje sprøyta fulle av all slags oljar og gluten.

Kva er forskjellen, tenker ein kanskje, på butikkbrød og det som Tya Bakeri skal produsera?

– Butikkane annonserer brøda som ferske, men dei er ikkje det. Dei kan vera opp til eit år gamle fordi dei frys det ned og steiker det, og så kallar dei det for nysteikt. Bollane i dag vart laga i går. Dei du får kjøpt her, er steikt nokre timar før me sel dei. Du får det ikkje ferskare, forklarar Borlaug.

– Bakverka er heller ikkje sprøyta fulle av all slags oljar og gluten. Det er ikkje juks. Det er reine råvarer, og det merkar ein på haldbarheitsdatoen. Ferske nylaga brød er ferskvare og må behandlast deretter. 

Fagfolk

Med seg for å skapa desse unike bakverka har ho fått profesjonelle konditorar og bakarar. I tillegg har dei fått ein del hjelp frå folk med lang erfaring i yrket, som til dømes André Løvaas i Nofima.

– Det er ikkje så lett å få fagfolk til bygda. Årdal blir kanskje ein litt for liten plass, men me ønskjer folk med fagkunnskapane på plass. Når alt er på plass og i gong, vil me også ta kontakt med skular for å høyra om lærlingar kunne tenkja seg å vera her. 

I desse dagar held dei på med å køyra inn det flunkande nye utstyret. Alt skal testast ned til kvar minste detalj, som å finna dei riktige temperaturane, hevetid og kor mykje damp ein skal bruka. 

No vil berre tida visa kva dette resulterer i til slutt, men Borlaug håpar dette skal bli ein kjekk og koseleg samlingsplass for alle. 

Til toppen