ØKONOMI: Småkommunar i sentrale strøk kan hardast få merke det på økonomien om dei nektar å slå seg saman med naboen.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ØKONOMI: Småkommunar i sentrale strøk kan hardast få merke det på økonomien om dei nektar å slå seg saman med naboen.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Småkommunar kan få mindre å rutte med dersom dei nektar samanslåing

Småkommunar i sentrale strøk kan hardast få merke det på økonomien om dei nektar å slå seg saman med naboen.

  • Endret

Indre Sogn: Regjeringspartia har fått med seg Venstre på eit forslag om omlegging av inntektssystemet til kommunane. Endringane blir meir moderate enn regjeringa la opp til i sitt høyringsforslag i vinter, men peikar i same retning.

– Dei som er frivillige små, kan ikkje lenger sende rekninga til alle andre i Kommune-Noreg, seier Framstegspartiets kommunalpolitiske talsmann Helge André Njåstad.

Vernar distriktskommunar

Det skal skiljast mellom kommunar som er frivillig og ufrivillig små. I dag får alle kommunar eit basistilskot på drygt 13 millionar kroner som hovudsakleg går til administrasjon.

Denne summen blir foreslått halvert, men det skal samtidig takast omsyn til avstandar. Dermed kan avsidesliggjande kommunar behalde heile tilskotet som kompensasjon for at dei har særlege utfordringar.

Tabellen over korleis utfallet blir for den enkelte kommune blir klar med det første, lovar kommunalminister Jan Tore Sanner (H). Kommunaldepartementet er i gang med å kvalitetssikre tala.

– Kommunar i sentrale strøk som vel å stå åleine, vil få redusert tilskot, seier Sanner.

Pengar til regionsenter

Venstre beskriv det nye forslaget som «meir gulrot og mindre pisk». Nytt i avtalen er ei overgangsordning der kommunar som skal slå seg saman, beheld fullt basistilskot inntil samanslåinga er sett i verk.

Partiet har også fått på bordet ein pott på 200 millionar kroner i året som går til samanslåtte kommunar som blir tyngdepunkt i sin region. Det omfattar kommunar som har 9.000 innbyggjarar eller fleire.

Flyttar arbeidsplassar

Flytting av statlege arbeidsplassar ut av Oslo er også ein del av avtalen. Kva slags, kor mange arbeidsplassar og kvar dei skal flyttast, vil først bli klart i ein eigen plan som kjem før jul. Allereie no er det klart at utflyttinga ikkje berre skal skje til dei store byane, men at også mindre byar i distrikta kan få tilført statlege arbeidsplassar.

– Distrikta kan få sårt tiltrengde kompetansearbeidsplassar. Spesielt Vestlandet, som har opplevd oljenedtur i det siste, seier Venstres kommunalpolitiske talsmann André N. Skjelstad.

KrF på glid

KrF sa tidlegare denne månaden nei til Sanners opphavlege forslag og valde å stå utanfor forhandlingane. Likevel opnar KrF for at dei kan stille seg bak forslaget som no er lagt fram.

– Det er absolutt i rett retning og i tråd med det KrF ønskjer, seier kommunalpolitisk talsmann Geir Toskedal, med atterhald om at han ikkje kjenner detaljane og at stortingsgruppa må få tid til å ta stilling til saka.

KrF meinte det ikkje var nødvendig å bruke endring i inntektssystemet som verkemiddel.

– Men det kan godt hende vi deler syn på store delar av sak og substans, seier Toskedal.

Skuffa Ap og Sp

Arbeidarpartiet og Senterpartiet er skuffa over dei foreslåtte kutta.

– Her har regjeringa fått gjennomslag for at kommunar som ikkje gjer som regjeringa vil, framleis skal bli straffa økonomisk. Det er ikkje fri vilje, seier Helga Pedersen, Aps kommunepolitisk talskvinne.

Senterpartiets Marit Arnstad skuldar Venstre for å ha selt seg billig til regjeringspartia i byte mot utflytting av nokre statlege arbeidsplassar. Gulrøtene er puslete og kortvarige økonomiske bidrag, meiner ho.

Sp varslar at dei vil legge fram eit eige forslag til endringar i inntektssystemet for kommunane. (©NPK)

Til toppen