Det seier leiar i Småkraftforeininga, Knut Olav Tveit, til Dagsavisen.
– Sjølve vassfalla bør vere eigd av det offentlege slik dei er i dag. Men kommunar og fylkeskommunar ville truleg ha mykje å hente på å stå fritt til å leige ut vassfalla til den som betalar best.
Utlendingar eig verdiar på mellom sju og åtte milliardar i norske småkraftverk. Det finst 1580 vasskraftverk i Noreg, og 1242 er såkalla småkraftverk. Dei største kraftverka er i hovudsak eigd av Statkraft, norske kommunar og fylkeskommunar. Private eigarar kan berre eige ein tredel av selskapa grunna konsesjonsvilkåra.
No vil Småkraftforeininga ha bort denne avgrensinga.
– Det offentlege Noreg bør ha full kontroll over vassfalla, men stå fritt til å leige vassfallet ut til den dei vil. Dette er truleg det kommersielt beste både for kommunale falleigarar og selskapa som skal drive kraftverka i leigeperioden, seier Tveit til Dagsavisen.