KRAFTUTBYGGING: Småkraft AS har søkt om løyve frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om å bygge Nundalselvi kraftverk i Årdal. No sel aksjonærar i Småkraft AS seg ut til tyskarar. Illustrasjonsfoto
KRAFTUTBYGGING: Småkraft AS har søkt om løyve frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om å bygge Nundalselvi kraftverk i Årdal. No sel aksjonærar i Småkraft AS seg ut til tyskarar. Illustrasjonsfoto

Småkrafts AS på tyske hender

Statkraft, Agder Energi, Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) og Skagerak Energi sel seg alle ut av Småkraft AS og overlèt alle aksjane til det tyske investeringsfondet Aquila Capital.

  • Endret

Småkraft er det største småkraftselskapet i Noreg med 45 kraftverk i drift, 15 under bygging og over 100 på planleggingsstadiet. Den årlege produksjonen er på over 500 GWh, nærare 2,5 prosent av den samla kraftproduksjonen i Noreg.

Aquila Capital er frå før heileigar i småkraftselskapet Norsk Grønnkraft og deleigar i Tinfos (36 prosent) og Jørpeland Kraft (33 prosent).

Småkraft byggjer ut vasskraft i samarbeid med grunneigarar og leiger fallrettane av dei. Grunneigarane kan så overta både fallrettar og kraftverk når leigeperioden går ut. Eigarskiftet påverkar ikkje avtalane med grunneigarane.

Kjøpet skal vere gjennomført før nyttår.

Det er verd å nemne at i mai 2015 søkte Småkraft AS om løyve frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om å bygge Nundalselvi kraftverk i Årdal.

Les også: Ber årdølene gå i seg sjølve og bevare Nundalen urørt

(©NPK/Porten.no)

Til toppen