Sogndal: Klassekampen skriv at etter at Hof kommune har slått seg saman med Holmestrand mistar felleslista for Rødt og Miljøpartiet Dei Grøne éin av representantane sine. I det nye kommunestyret får Hof 12 representantar, mot 17 i dag. Storebror Holmestrand får halde på sine 27 representantar. Som ein følgje av denne avtalen mistar Høgre og Ap to representantar kvar i Hof, og Felleslista éin representant.
– Dei seier at det er for ein kort periode, men det er ein viktig periode. Det er i desse to knappe åra at grunnlaget blir lagt for den nye kommunen, seier Maren Njøs Kurdøl, Rødt-politikar og førstekandidat på Felleslista.
Også i det nye kommunestyret for Sandefjord, Andebu og Stokke forsvinn fleire av småpartia.
Jussprofessor Jan Fridtjof Bernt meiner dette er problematisk frå ein demokratisk synsvinkel.
– Her har hestehandel erstatta vanlege demokratiske spelereglar, seier han. Bernt meiner det burde vore heldt nyval i dei nye kommunane. (©NPK)